Raja avviser leiarkamp i Venstre

Abid Raja avviser overfor VG at dei kontroversielle utspela hans mot Frp er trekk i eit spel om leiarvervet i Venstre. Han gir Trine Skei Grande full støtte.

Fleire av leiar- og kommentarskribentane til avisene har den siste veka vore samde om at Abid Raja siktar seg inn på Trine Skei Grandes leiarposisjon i Venstre. Leiarskribenten i Fædrelandsvennen brukte torsdag overskrifta «Abid Rajas snik-valgkamp».

- Dei i Frp som hevdar det og dei kommentatorane som hevdar det, er fullstendig på villspor. Eg har samtalt med Trine både før og etter valdagen. Eg har gjort det klart overfor henne at eg støttar henne som partileiar. Vil ho halde fram, så har ho den fulle støtta mi. Eg vil ikkje utfordre henne, seier Raja til VG.

Raja seier vidare at han og Venstre-leiar Grande vart samde om at ho skulle ta første støyten mot Siv Jensen om omgrepet snikislamisering.

- Eg er veldig glad for at Trine var krystallklar i møte med det omgrepet, og eg er stolt av at ho stod rakrygga, seier han.

Raja seier vidare at kronikkane der han gjekk ut mot Frp ikkje var klarert med Grande, noko ho stadfestar.

- I Venstre er det ikkje slik at ein treng å klarere med partileiaren at ein skriv kronikkar eller løfte debattar, seier Grande.

(©NPK)

Nestleiar Abid Raja avviser at han er ute etter jobben til Trine Skei Grande. Her under valvaka til Venstre på Vega scene i Oslo. Foto: Tore Meek / NTB scanpix