Rapparen Kendrick Lamar til Noreg i oktober

Kendrick Lamar tek turen innom Noreg som ein del av turneen «The Big Steppers Tour». Konserten blir halden i Telenor Arena 19. oktober.

Billettsalet startar fredag 20. mai klokka 10, opplyser arrangøren, Live Nation Noreg.

Kendrick Lamar er for første gong på fem år aktuell med nytt album. «Mr. Morale & the Big Steppers» vart sleppt fredag 13. mai. Med seg på turneen har han rappar Baby Keem og artisten Tanna Leone.

(©NPK)

Kendrick Lamar kjem til Noreg i oktober. I 2013 opptredde den amerikanske artisten på Slottsfjellfestivalen. Foto: Vegard Grøtt / NTB

ANNONSE
Annonse