Rapport: Klimaendringar vil gi dyrare mat

Klimaendringar vil føre til redusert matproduksjon og høgare matprisar, ifølgje ein ny rapport frå Utviklingsfondet og Ruralis.

Rapporten som Nationen siterer, slår fast at det er sannsynleg at den totale produksjonen av matvarer i verda vil bli redusert som følgje av høgare temperatur.

Det blir vist til at det er sannsynleg at prisane på verdsmarknaden aukar, og at det då blir dyrare å importere mat til Noreg. I tillegg til prisauke på for eksempel kjøtt vil også dyrefôr auke i pris. Konklusjonen er at Noreg, trass i ein godt utbygd infrastruktur og store ressursar til omstilling og tilpassing, er sårbart for klimaendringar.

Rapporten opererer med eit scenario der temperaturen aukar mellom 1,7 og 6,4 grader i gjennomsnitt. Til samanlikning er målet i Paris-avtalen at temperaturen ikkje aukar med meir enn 2 grader.

Høgare temperaturar kan likevel gi enkelte isolert sett gunstige konsekvensar for matproduksjonen i Noreg. For eksempel kan varmare vintrar føre til færre frostskadar, lengre beitesesong og at ein kan slå fleire gonger. I tillegg kan landbruksareala auke.

Ein temperaturauke vil også føre til at talet på dagar med kraftig nedbør kan auke mellom 49 og 89 prosent, og mengda nedbør auke mellom 12 og 19 prosent, ifølgje rapporten.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix