Annonse

Rapport: Viking Sky var eitt-to minutt unna katastrofe

Cruiseskipet Viking Sky var berre truleg berre eitt eller to minutt unna å gå på grunn på Hustadvika i Møre og Romsdal, ifølgje ein førebels rapport.

Rapporten vart lagd fram av Hovudredningssentralen (HRS) Sør-Noreg torsdag, melder NRK.

- Skipet var veldig nær å gå på grunn. Det var kanskje snakk om 100 meter. Og det er klart, hadde dei ikkje fått i gang maskina på skipet, så kunne vi hatt ein katastrofe med mange menneske i sjøen. Og då ville vi nok ha fått omkomne, seier operativ redningsinspektør Ståle Jamtli ved HRS.

Han anslår at skipet berre var eitt minutt eller to unna å gå på grunn med dei store følgjene dette ville ha fått i det dårlege vêret.

Det var 1.373 personar om bord då Viking Sky fekk motorstopp på havstrekningen Hustadvika ved 14-tida laurdag 23. mars. Rundt 470 passasjerar vart heiste om bord i helikopter i ein omfattande redningsaksjon.

(©NPK)

Cruiseskipet Viking Sky dreiv mot land og sende ut mayday-melding 23. mars i år. Frank Einar Vatne / NTB scanpix