Klargjør siden...

Ras sperrar E16 – igjen

(NPK-NTB): Det har gått eit ras på E16 ved Hyvingen i Hordaland. Raset fører til at vegen er stengd.

Politiet fekk melding om raset klokka 18.32 måndag kveld. Dei opplyser på Twitter at det blei meldt om at det rasa stein og jord, og at Hyvingstunellen og Trollkonetunellen er stengde inntil vidare. Dette er i same område der det gjekk eit ras 8. juni.

– Vi vel å vere føre var, og vegen blir halden stengd til vi har fått sjekka dette, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Ein entreprenør er på veg til staden, og vegtrafikksentralen er på veg for å vurdere framkomsten.

– Det regnar kraftig, og det kan ha samanheng med det. Eg kan ikkje seie så mykje meir før vi har gjort ei vurdering, seier Geitle til Bergens Tidende.

8. juni gjekk det eit stort ras ikkje langt frå Bolstadøyri. Raset fekk store konsekvensar for trafikken. Vegen blei den gongen stengd i fleire dagar. (©NPK)

Annonse