Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Faren for nye steinras på E16 ved Voss gjer at oppryddinga etter raset som tok med seg eit vogntog, må vente. Transportselskapa er lei av rasfare og risiko for sjåførane sine.
npk@npk.no
Publisert: 08.06.2016 kl 09:41
Sist oppdatert: 08.06.2016 kl 19:04
– Det er observert lause massar i fjellsida der raset gjekk. Eit ryddelag i helikopter har komme til staden for å hjelpe til med å få oversikt over situasjonen og fjerne eventuelle lausmassar som er igjen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding onsdag ettermiddag.
Truleg er det snakk om minst 10.000 kubikkmeter lausmassar i fjellsida, kanskje meir, ifølgje Vegvesenet.
– Vi startar oppryddingsarbeidet når vi får klarsignal frå geologane om at det er trygt og ikkje fare for nye ras, skriv Vegvesenet og legg til at målet er å få opna i alle fall eitt felt av vegen forbi rasstaden.
Eit vogntog som høyrer til Asko Vest blei tatt av steinmassane. Sjåføren har fortalt at han kom køyrande gjennom tunnelen på veg mot Voss då det smalt, skriv Bergens Tidende.
– Han fortel at det opplevdest som eit veldig trykk akkurat idet han kom ut av tunnelen, og at han fort skjønte at det var fjellsida som raste ned i vegen. Vogntoget blei kasta rundt og blei liggjande på sida. Sjåføren konstaterte relativt raskt at han hadde sloppe heldig frå ulykka. Det første han gjorde var å ringe oss i leiinga for å informere om kva som hadde skjedd, seier direktør Edvin R. Nilsson i Asko til avisa.
– Vi har sendt brev til statsråden om dette før, og vi skal ikkje gi oss med å øve press i den retninga etter dette. No må det skje noko langs denne ras- og ulykkesbelasta strekningen, seier han til avisa.
Også Yrkestrafikkforbundet (YTF) ber om fortgang i prosessen for å få ein ny veg mellom Voss og Bergen.
– Eg trudde først det var eit jagarfly som hadde forvilla seg inn fjorden, men eg skjønte etter kvart at det var eit ras på motsett side av fjorden, seier han.
Det blei gjennomført eit større søk for å undersøkje om fleire køyretøy var blitt tatt, men søket blei avslutta i 13-tida.
Medan vegen er stengt er det anbefalt omkøyring via fylkesveg 7. Her blei det onsdag ettermiddag meldt om stillståande køar.
Ein periode onsdag formiddag var også togtrafikken mellom Dale og Bolstadøyri stengt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.