ANNONSE
Annonse

Raud dag på Oslo Børs

Norse Atlantic fekk gjennomgå på Oslo Børs og fall 17 prosent etter å ha lagt fram halvårsrapporten sin. Hovudindeksen på børsen fall 0,36 prosent.

Norse Atlantic offentleggjorde halvårsrapporten sin før børsstart. Selskapet hadde eit driftsresultat i første halvår på minus 43,3 millionar dollar, tilsvarande eit underskot på 450 millionar kroner med dagens kurs, skriv E24.

Aksjen, som sokk 17,59 prosent torsdag, har falle meir enn 60 prosent hittil i år, skriv Finansavisen.

Hovudindeksen på Oslo Børs var ned 1 prosent i tidleg handel, men henta seg noko inn igjen. Ved stengjetid låg hovudindeksen på 1.159.05 poeng, ned 0,36 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart ved stengjetid omsett for 90,67 dollar fatet, opp 0,94 prosent.

Halvparten av dei ti mest omsette selskapa steig i verdi torsdag. Equinor, som var det mest omsette selskapet, steig 0,85 prosent. Resten av dei var Mowi (+0,85), Telenor (+0,05), Yara International (+1,30) og Vår Energi (+0,38).

Dei fem med raude tal på denne lista var Aker BP (-0,71), DNB (-0,08), Norsk Hydro (-2,04), Frontline (-0,15) og PGS (-1,83).

Også på dei viktigaste børsane i Europa var det også nedgang torsdag.

FTSE 100 i London var ned 0,88 prosent, DAX 30 i Frankfurt var ned 1,44 og CAC 40 i Paris var ned 1,59.

(©NPK)

Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

ANNONSE
Annonse