Annonse

Raudt vil be Riksrevisjonen sjå på jernbaneanbod

Dersom samferdselsministeren ikkje svarar godt nok for seg om anbodet på Sørlandsbanen, vil Raudt be Stortinget setje Riksrevisjonen på saka.

Annonse

Tysdag kjem statsråd Jon Georg Dale (Frp) til Stortinget for å gjere greie for om anbodsrunden som førte til at britiske Go-Ahead skal køyre toga på Sørlandsbanen i framtida, sjølv om andre selskap lova betre kvalitet.

Det er ikkje sikkert at det er nok for samferdselsministeren å ta opp att bodskapen om at britane «samla sett leverte det økonomisk mest fordelaktige tilbodet», skriv Aftenposten.

Det er ikkje nødvendigvis nok, seier Raudts Bjørnar Moxnes og Aps Sverre Myrli til Aftenposten.

- Dersom Dale ikkje overtyder og gjer greie for dei spørsmåla vi har stilt skriftleg, vil vi før jul be Stortinget påleggje Riksrevisjonen å undersøkje anbodsrunden, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

Han har bedt departementet om innsyn i eit internt reknestykke som dei hittil ikkje har vilja dele.

Sverre Myrli frå Arbeidarpartiet seier på si side at saka kan hamne i kontrollkomiteen.

- Først skal vi høyre kva samferdselsministeren har å seie. Men vi vurderer så absolutt å ta saka til kontrollkomiteen, seier Myrli.

Ap, Raudt, SV og Sp har tidlegare stemt for ei uavhengig gransking av konkurransen.

(©NPK)

Misnøya er stor blant dei raudgrøne etter at Go-Ahead vann anbodet på Sørlandsbanen. Raudt og Ap snakkar om å trekke inn Riksrevisjonen eller Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix