Regelendring førte til klar auke i bruken av gradert kontantstøtte

Etter at det igjen vart mogleg å få ulike kontantstøttesatsar, har bruken av gradering auka markant. Samla har bruken av kontantstøtte gått ned.

Frå 1. august vart det igjen mogleg å få 20, 40, 60 og 80 prosent gradert kontantstøtte dersom barnet går deltid i barnehage. Før 1. august var alternativa enten full kontantstøtte eller 50 prosent.

Frå september 2016 til den same månaden i år har talet på ytingsmottakarar som har valt å kombinere kontantstøtte med barnehage, auka frå 184 til 640, viser ferske tal frå Nav.

Ifølgje Arbeids- og velferdsetaten kan veksten ha samanheng med moglegheita for å ta ut ei lågare gradering enn 50 prosent, som for mange kan gjere det enklare å kombinere jobb og kontantstøtte.

Samtidig viser Navs ferske oversikt at det samla sett har vore ein nedgang i den totale bruken av kontantstøtte. Ved utgangen av september fekk om lag 11.200 personar kontantstøtte, 1.300 færre enn for to år sidan.

For å ha rett til kontantstøtte må barnet vere mellom 1 og 2 år gammalt og ikkje gå i fulltidsbarnehage med offentleg tilskot. Har barnet deltidsplass, kan ein no altså ha rett til gradering av kontantstøtta.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB scanpix