Regionale smitteverntiltak blir innførte i fleire kommunar i Vestland

For å få ned smitten i Vestland har regjeringa innført regionale tiltak i fleire kommunar. Blant tiltaka er munnbindpåbod og krav om bordservering.

Tiltaka gjeld kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Modalen, Samnanger, Vaksdal, Voss og Øygarden.

– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Derfor set vi i verk tiltak her no, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Desse tiltaka blir innførte:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og nødvendige tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller delar av veka.
  • Maksimaltal for private arrangement innandørs: inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkjeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkjeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar.

På grunn av den store pågangen av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene i Vestland har regjeringa fredag innført regionale koronatiltak. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK