Annonse

Regionreforma inn for landing - KS fryktar mageplask

Regionreforma kan i verste fall ende opp utan den store overføringa av ansvar og oppgåver som politikarane lova, åtvarar KS.

- Alt som er av viktige forslag, som reelt vil innebere overføring av oppgåver, er sende til vidare utgreiing, seier Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i kommune- og fylkeskommuneorganisasjonen KS.

Fredag legg regjeringa fram forslaget til kva oppgåver fylka skal få, basert på avtalen som vart inngått med Kristeleg Folkeparti i september.

- Det vart presentert som om det er ei massiv overføring av ansvar, men det må ein rekne som politisk retorikk, seier Eide.

Oppgåvemeldinga utgjer den eine delen av regionreforma. Den andre er sjølve fylkeskartet, der samanslåinga av Finnmark og Troms og storfylket Viken framleis er omstridd. Frå 1. januar 2020 skal landet bestå av elleve fylke, ifølgje stortingsvedtaket.

Til utgreiing

Eit ekspertutval la i februar fram forslag til oppgåver dei nye fylka skal få ansvar for. Dei foreslo å legge ned fem statlege direktorat og overføre oppgåver og fleire pengar til fylkeskommunane. Til saman er det snakk om 4.760 stillingar. Ein stor del (3.600) er tilsette i barnevernsinstitusjonar som ligg under Bufetat. Dette er blant forslaga som regjeringa og KrF vil greie ut.

Eide er opptatt av at fylkeskommunen må få større ansvar for næringsutvikling og forsking. Ifølgje avtalen er det ei målsetting å styrke regionale forskingsfond, men korleis det skal skje, vil først bli avklart etter ein gjennomgang.

- Dersom alt som skal greiast ut på ulike felt ender med ei overføring av oppgåver, er det betydeleg. Men endar utgreiingane med ingenting, vil det vere et mageplask, seier han.

Eide gler seg likevel over at Stortinget alt har vedtatt at fylka overtar fylkesvegane som Statens vegvesens har hatt styring med. Det utgjer 1.650 stillingar.

Karakter: Middels

Professor Terje P. Hagen leidde ekspertutvalet som foreslo kva oppgåver fylka burde få. Heller ikkje han er imponert over avtalen som no dannar grunnlaget for forslaget frå regjeringa.

- Dersom eg skal vurdere avtalen på ein skala frå 1 til 10, i forhold til vår innstilling, så blir det 6,5, seier han til NTB.

Karakteren vil bli betre om avgjerdene som er utsette, fell ned på rett side, ifølgje professoren. Han fastslår at avtalen går langt i å overføre oppgåver som gjelder kompetanse og integrering, men meiner det viktigaste står att - og nemner kultur, næring og forsking.

- Innfallsmetoden

Dei statstilsette fryktar på si side for konsekvensane av ansvarsoverføringa som alt ligg på bordet.

- Eg håpar dei tenkjer seg om ein gong til, seier leiar John Leirvaag i Norsk Tjenestemannslag.

Han meiner politikarane har starta i feil ende og kallar det forvaltningspolitikk etter innfallsmetoden.

- Ein har etablert forvaltningsnivå først og putta oppgåver inn i dei etterpå, i staden for å starte med oppgåvene, seier Leirvaag.

Han nemner kulturminne og vegar som eksempel på nasjonale oppgåver og fryktar at kvaliteten vil bli dårlegare når ansvaret blir splitta opp. Jordvern, planlegging og drift av fylkesvegane og ansvar for offentleg innkjøp av flyruter er også område som både NTL og Parat er bekymra for.

(©NPK)

Regionreforma har gitt kommunalminister Monica Mæland (H) mykje bry, særleg på grunn av samanslåinga av Finnmark og Troms og opprettinga av det nye Viken i sør. Men i september kunne regjeringspartia presentere ein avtale med KrF om nye oppgåver for fylka. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK