Regjeringa avviser flyforbod

Å innføre flyforbod vil ha dramatiske konsekvensar og setje oss i ein vanskelegare beredskapssituasjon, meiner helseminister Bent Høie (H).

Flyforbod kan føre til at samfunnskritisk personell og varer landet er avhengig av, ikkje kjem inn i landet, meiner han.

– Det kan setje oss i ein endå vanskelegare beredskapssituasjon, seier Høie.

Han meiner det berre er riktig med flyforbod i ein akuttsituasjon og viser til den mellombelse stansen i flygingar frå Storbritannia like etter at det vart slått fast at ein mutert og meir smittsam variant av viruset spreidde seg der. Det gjorde det mogleg å etablere gode mottaksrutinar for dei som kjem derfrå.

– Det som er svaret, er å kontinuerleg stramme inn regimet rundt innreise, kven som kan komme inn på kva vilkår, testing, karantene og så vidare, seier Høie.

(©NPK)

Regjeringa vil ikkje stanse flygingar frå smitteutsette område, men i staden ha strenge reglar for dei som kjem til landet. Bildet viser ein passasjer som tar koronatest på Gardermoen. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB