Annonse

Regjeringa doblar potten til kombinasjonsklassar for innvandrarungdommar

Regjeringa set av 70 millionar kroner for at ungdommar som kjem til Noreg utan å ha grunnskoleutdanning, skal fylle hola på vidaregåande skole.

Annonse

Regjeringa vil doble løyvinga til såkalla kombinasjonsklassar i budsjettet for neste år, opplyste kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) på regjeringa si integreringskonferanse onsdag.

Han påpeiker at ungdommane det gjeld har formelle rettar, men ikkje reelle moglegheiter til å gjennomføre vidaregåande skole.

- Dei er for store for grunnskolen, men kan for lite til å klare seg i vidaregåande. Dei fell mellom stolar, og dei fell frå. Vi må få på plass eit betre system som gir ungdom ein sjanse til å lykkast, sa han i opningsinnlegget sitt.

Det er femte år på rad at regjeringa inviterer til nasjonal integreringskonferanse. I år er hovudtemaet kvalifisering og utdanning.

Sanner opplyste at den nye integreringsstrategien til regjeringa vil bli lagt fram i desember, og varslar reformer av introduksjonsprogrammet til våren.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg helsar på kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner på veg inn til den nasjonale integreringskonferansen. Bak står direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet IMDI. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix