Annonse

Regjeringa innfører innreisetiltak frå fleire land i Afrika

Noreg gjer som fleire andre europeiske land, og innfører innreisetiltak frå fleire afrikanske land for å hindre spreiing av den nye virusvarianten.

Varianten, som går under nemninga B. 1.1.529, har ført til at EU-kommisjonen har foreslått stans i flytrafikken frå land sør i Afrika. Storbritannia, Italia og Tyskland har allereie innført dette.

No følgjer Noreg etter, opplyste statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i eit intervju med NRK fredag kveld.

– Det er uttrykk for at dette viruset kan overraske oss og at det som skjer langt unna oss, kan komme veldig nært. Derfor følgjer vi europeiske land no og innfører plikt om karantene for folk som kjem til Noreg frå desse landa, seier Støre til NTB.

Trass WHO-råd

Det skjer mot råda frå Verdshelseorganisasjonen, som åtvarar land mot å innføre innreiserestriksjonar.

– Vår vurdering er at det er rette tiltak å gjere og det byggjer på råda frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Eg har ikkje sett WHOs råd, men eg har sete i møte med FHI og Helsedirektoratet og helseministeren, justisministeren og eg har gått grundig gjennom dette med dei og er trygge på at det er det rette å gjere seier Støre.

Kan testast ut

Tilreisande frå landa som får karanteneplikt, kan teste seg ut av karantene, opplyser Støre.

– Vi veit at smitte som kjem med innreise har ført til oppblomstring tidlegare og når vi har kunnskap om dette tidleg, kan tidlege tiltak med kontrollavgrensing og karantene bidra til å verne oss, seier statsministeren.

Støre seier det vil bli teke løpande vurderingar av om fleire land skal raudlistast og utløyse karanteneplikt dersom virusvarianten dukkar opp der.