Regjeringa på kollisjonskurs med EU om talet på dagar med postlevering

Eit norsk ønske om å kutte postomberinga til to-tre dagar i veka er i strid med EU-reglementet som pålegg EU- og EØS-land å ha ombering fem dagar i veka.

Regjeringa vil før jul legge fram eit lovforslag som inneber at postombering berre skal skje vekselvis to og tre dagar i veka. Ei slik halvering er i direkte strid med EU-reglane i postdirektivet som vart ein del av norsk lovgiving i 2016, skriv Dagens Næringsliv. Der står det tydeleg at EU og EØS-landa er pålagt å ha minimum fem dagar i veka med utdeling av post.

Samferdselsdepartementet reknar med å spare fleire hundre millionar kroner i statstilskot til Posten ved å halvere talet på dagar med postombering. Posten ønsker òg sjølv å redusere talet på dagar med postombering fordi mengda med vanleg post har minka kraftig på grunn av digitalisering og e-post. I 2016 slutta Posten med postombering på laurdagar.

Ifølgje Dagens Næringsliv vil regjeringa førebels ikkje gå nærare inn på korleis halveringa av postutdelinga skal gjerast i praksis for å vere i tråd med direktivet, eller om den norske endringa er teke opp med EØS-kontrollorganet ESA. I ein e-post frå Samferdselsdepartementet til avisa heiter det at «Departementet vil komme tilbake til spørsmål vedrørende EUs postdirektiv i forslaget til Stortinget».

Ifølgje avisa har regjeringa tidlegare vore inne på at fleire postboksar ved postkontora og i post i butikk-punkta kan vere ei løysing for å innfri direktivet. For sjølv om sjølve omberinga skal reduserast, vil sorteringa av post ut til dei ulike postterminalane gå som vanleg.

(©NPK)

Eit norsk lovforslag om å kutte postomberinga til to-tre dagar i veka kan vere i strid med EUs postdirektiv. Regjeringa vurderer å auke talet på postboksar på postkontora og post i butikk for at forslaget skal godkjennast. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix