Regjeringa ser på alternativ til pass på reise

Regjeringa snur alle steinar for å løyse passkrisa, seier justisministeren. Dei prøver no å få andre land til å godta anna ID enn gyldig pass frå nordmenn.

– Vi går etter heilt utradisjonelle metodar på å legitimere seg på. Vi prøver no å få med oss andre land på å la nordmenn legitimere seg med anna id enn pass. Det speler inga rolle kva vi i Noreg bestemmer, dersom landa folk skal reise til ikkje godkjenner det. Det er framleis usikkert om dette vil gå, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til TV 2.

Heilt sidan mars i år har politiet vore tydeleg på at selskapet dei har hyra inn til å lage norske pass, har leveringsproblem på grunn av råvaremangel. Då stod mellom 300.000 og 400.000 nordmenn utan pass.

Justisministeren forklarer til TV 2 at dei også jobbar opp mot produsenten for å få fortgang i produksjonen, men at råvaremangelen gjer det krevjande.

På spørsmål om det kan vere aktuelt å forlengje passa som allereie er gått ut, svarer Mehl dette:

– Vi vil komme tilbake straks vi veit kva som er mogleg å få til, seier Mehl.

Passmangelen har både ført til stor rift om timane for å for fornye pass, men også lang leveringstid når passet er bestilt. Enkelte stader har det også vore lange køar for å hente passet når det er ferdig.

(©NPK)

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier at regjeringa snur alle steinar for å løyse nordmenns passproblem. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Regjeringa vurderer no alternative løysingar på passkrisa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK