Regjeringa set av 20 millionar til nye politibilar

Dei fire regjeringspartia er samde om å løyve 20 millionar statsbudsjett-kroner til kjøp av nye politibilar neste år.

Det opplyser Høgre, Venstre, Frp og KrF i ei felles melding tysdag - same dagen som partia vart samde om den siste finpussen på 2020-budsjettet.

- Politiet er nøydd til å kunne reagere raskt. Då er det viktig med topp, moderne utstyrte og velfungerande bilpark. Vi trur dette vil bidra til å skape meir tryggleik for fleire, og at politiet kan gjere ein betre jobb i by og bygd over heile landet, seier Abid Raja i Venstre.

Både Peter Frølich (H) og Solveig Horne (Frp) poengterer at budsjettilskotet betyr at alle distrikt er sikra nye bilar dersom det er behov.

- Det er viktig at vi både sørgjer for at politiet får ei betre økonomisk ramme, og at vi får investert i nytt utstyr, for det treng politiet. Bilane som politiet bruker, er eit kjempeviktig arbeidsverktøy som må tole svært høg belastning, seier Geir Toskedal (KrF).

Frå før er det kjent at det i budsjettet for neste år er sett av 350 millionar kroner til fleire politistillingar og drift i politiet. Målet om to politifolk per 1.000 innbyggjarar skal nåast i 2020.

(©NPK)

Det er sett av 20 millionar kroner til nye politibilar i statsbudsjettet for neste år, opplyste regjeringspartia tysdag. Foto: Joakim Halvorsen / NTB scanpix