Annonse

Regjeringa styrkjer den humanitære innsatsen i 2019

Regjeringa i Noreg held fram å styrkje det humanitære budsjettet, som har auka med nesten 65 prosent frå 2013 til 2019.

Annonse

Endå ein gong ser det ut til at dei humanitære behova blir rekordstore, og FN anslår at fleire enn 130 millionar menneske vil trenge humanitær bistand i 2019.

Regjeringa har trappa opp den humanitære innsatsen over fleire år, og i august lanserte Noregs utanriksminister Ine Eriksen Søreide ein humanitær strategi som skal liggje til grunn for Noregs humanitære politikk og bistand i åra framover.

Sidan 2013 har det humanitære budsjettet i det norske statsbudsjettet auka med nesten 65 prosent frå 2013 til 2019.

- Det er nødvendig å styrkje den humanitære innsatsen for å redde liv, lindre nød og verne dei som vert hardast ramma i dei mange langvarige og komplekse krisene vi står overfor, uttaler Eriksen Søreide i ei pressemelding.

(©NPK)

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide la fram strategi for norsk humanitær politikk i august og meiner humanitær bistand er viktig for å redde liv og beskytte menneske i krise. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix