Klargjør siden...
Annonse

Regjeringa vil fjerna forbod mot lakrispiper

(NPK-NTB): Lakrispiper kan på nytt bli synlege i norske butikkar – tre år etter at Framstegspartiet ville fjerna det såkalla «dusteforbodet».

Fredag la regjeringa fram eit lovforslag om endringar i tobakksskadelova. I tillegg til krav om standardiserte pakningar på tobakksvarer og lovleggjering av e-sigarettar, inneber forslaget at forbodet mot synleg oppstilling av lakrispiper og sjokoladesigarettar blir oppheva.

Begge delar blei ulovleg å visa fram i butikkhyllene frå nyttår 2010.

I valkampen før stortingsvalet 2013 var lakrispipeforbodet eitt av dei såkalla «dusteforboda» Framstegspartiet (Frp) lova å fjerna dersom dei kom til makta. Av dei 30 forboda partiet kritiserte, er desse fem allereie oppheva: Alkoholsal på valdagen, proffboksing, majestetsfornærmingar, Segway og produktplassering. (©NPK)

Annonse