Regjeringa vil gi lønnstilskot til bedrifter for å ta tilbake permitterte

Ved å innføre lønnstilskot ønskjer regjeringa å påskjønne bedrifter, stiftingar og frivillige organisasjonar som tek tilbake permitterte.

– Noko av det viktigaste vi kan gjere no, er å få ned køen av arbeidsledige og permitterte. Å komme raskt tilbake i jobb betyr mykje for den det gjeld og er avgjerande for norsk økonomi framover, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Det var Dagens Næringsliv som først melde om det nye tilskotet. Modellen blir lagt fram fredag.

Kan få 15.000 per tilsett

Støtta skal givast til bedrifter som hentar tilbake tilsette som var registrert som permittert hos Nav 28. mai når dei tilsette er sysselsette i bedrifta per 31. august. Dei tilsette må tilbake i ein minst like høg stillingsbrøk som før permisjonen, og bedriftene får ikkje støtte viss dei permitterer tilsette på nytt medan ordninga gjeld.

Bedrifter med eit omsetningsfall på minst 30 prosent får støtte på 15.000 kroner per permittert som blir henta tilbake. Kor stort beløpet blir, avheng av omsetningssvikten til bedrifta i støttemånaden. Det blir ikkje gitt støtte for omsetningsfall lågare enn 10 prosent.

– Det er viktig å unngå at folk blir ståande for lenge utanfor arbeidslivet, for då er det vanskeleg å komme inn igjen. Lønnsstøtta skal bidra til at bedrifter tør å ta inn permitterte sjølv om sommaren er usikker, seier finansministeren.

Prislapp på 4 milliardar

Stiftingar og frivillige organisasjonar utan næringsverksemd får 10.000 kroner i månaden for kvar permittert som blir henta tilbake.

Det blir gitt støtte for juli og august, og ordninga vil ha ein venta prislapp på 4 milliardar kroner. Både LO og NHO har teke til orde for lønnstilskot for å få permitterte raskare tilbake i jobb. Det same har Arbeidarpartiet.

Også hovudorganisasjonen Virke har ønskt seg ein lønnskompensasjon.

– Fire av ti av medlemmene våre seier dei har oppgåver som dei permitterte kunne gått i gang med, men at dei ikkje har råd til å ha dei på jobb no. Derfor håpar vi på ein god modell frå regjeringa der kompensasjon av lønnskostnader og lønnstilskot blir ein del av støtteordninga, utan at arbeidsgivar må bere heile kostnaden, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen.

Søknadsportalen for den nye ordninga blir etter planen opna i september.

Fredag skal statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Jan Tore Sanner (H) legge fram ein modell for lønnstilskot for å få permitterte tilbake på jobb. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix