Annonse

Regjeringa vil gjeninnføre flypassasjeravgifta

Regjeringa vil gjeninnføre flypassasjeravgifta og normale momssatsar frå 1. november. Frp, Sp og Ap er urolege for effektane for Distrikts-Noreg.

I samband med koronakrisa har Stortinget vedteke fleire avgiftslettar. Mellom anna har flypassasjeravgifta vore oppheva mellom 1. januar og 31. oktober, og den låge avgiftssatsen for moms, som vanlegvis er på 12 prosent, er sett ned til 6 prosent i perioden mellom 1. april og 31. oktober.

Måndag stadfesta regjeringa at dei ikkje vil forlengje desse tiltaka.

Dette får Frp til å reagere. Finanspolitikar og stortingsrepresentant for partiet Sivert Bjørnstad understrekar at flybransjen treng all den hjelpa ho kan få.

– Brekt rygg

– Bransjen ligg no med nær brekt rygg – alt som kan vere med på å avhjelpe situasjonen ville vore klokt, og ei gjeninnføring av flypassasjeravgifta avhjelper ikkje, seier han.

Han kan heller ikkje forstå kvifor den låge meirverdiavgiftssatsen blir foreslått heva tilbake frå 6 til 12 prosent.

– Den omfattar mellom anna persontransport, overnatting, museum og underhaldningsparkar. Dette er òg ein bransje som slit, og det blir sjølvsagt ikkje enklare med dette, seier Bjørnstad.

Han varslar kamp om skatte- og avgiftslettar når den siste krisepakken til regjeringa skal behandlast i Stortinget og i forhandlingane om statsbudsjettet.

Rammar Distrikts-Noreg

Sp og Ap stiller seg bak kritikken frå Frp. Dei meiner at endringa vil ramme distrikta særleg hardt.

– Det er innbyggjarane og næringslivet i distrikta som må ta dei største konsekvensane dersom luftfarten bukkar under før vi kjem igjennom krisa, seier transportpolitisk talsperson i Ap Sverre Myrli i ei pressemelding.

Sp er òg uroleg for kva eit svekt flytilbod på sikt kan bety for Distrikts-Noreg.

– For mange lokalsamfunn er flytilbodet minst like viktig som busstilbodet er i dei større byane. Flytilbodet bind Noreg saman, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum i ei pressemelding.

– Dette er både eit uakseptabelt angrep på norske arbeidsplassar og eit alvorleg sentraliseringsgrep mot landet vårt, legg han til.

– Lite målretta

I forslaget til krisepakke, som vart lagt fram måndag, påpeikar regjeringa at utfordringane i flyselskapa i hovudsak kjem av manglande inntekter og svak likviditet.

– Å oppheve avgifta i endå ein periode vil vere eit lite målretta tiltak for å avhjelpe vanskane til flyselskapa. Avgifta blir betalt per passasjer som flyg, skriv regjeringa.

Når det gjeld kuttet i den låge meirverdisatsen, skriv regjeringa at også den er lite målretta for å støtte verksemder med økonomiske problem på grunn av koronapandemien. Den låge satsen gjeld for persontransport, overnatting, allmennkringkasting, tilgang til kino, museum, underhaldningsparkar og store idrettsarrangement.

(©NPK)

Flypassasjeravgifta blir gjeninnført frå 1. november, foreslår regjeringa. Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB