Klargjør siden...

Regjeringa vil ha fleire private arbeidsplassar på Svalbard

(NPK-NTB): Regjeringa vil skape fleire private arbeidsplassar på Svalbard etter at det statlege kolselskapet Store Norske har sagt opp fleire hundre tilsette.

Det går fram av den nye svalbardmeldinga som blir lagt fram onsdag, melder NRK.

– Vi har fått Innovasjon Noreg etablert i Longyearbyen, noko som er viktig for å få private arbeidsplassar. Vi har eit ønske om å fortsette eit stabilt og lågt skattenivå på Svalbard, og vi vil også vurdere å etablere nokre få statlege arbeidsplassar i Longyearbyen, seier statssekretær Gjermund Hagesæter (Frp) i Justisdepartementet til kanalen.

I dag ligg skattenivået på Svalbard på 15,8 prosent, inkludert folketrygda. Det bur rundt 2.300 personar i dei norske busetjingane, men mens talet på nordmenn fell stig talet på utlendingar.

Innan reiseliv og turisme er det om lag 300 arbeidsplassar, men dette talet vil truleg auke. Hagesæter seier likevel at det verken er tilrådeleg eller ønskeleg at ein skal ha éin stor aktør som skal overta reduksjonen i Store Norske.

Hagesæter meiner den nye svalbardmeldinga er viktig for å trekkje opp retningslinjene for norsk verksemd på øygruppa.

– Eg trur det viktigaste er å vere tydeleg på er det at vi framleis skal handheve suvereniteten på Svalbard på ein konsekvent og fast måte, seier han. (©NPK)

Annonse