SV meiner regjeringa «kveler klimastreiken»

Regjeringa vil arrangere klimatoppmøte for unge, men vil ikkje gi streikande elevar unntak frå fråværsgrensa. - Dei kveler klimastreiken, seier Audun Lysbakken.

Det er planlagt ein landsomfattande skulestreik 22. mars, inspirert av svenske Greta Thunberg, som starta aksjonsforma i fjor.

Ifølgje arrangøren Natur og Ungdom kjem 10.000 ungdommar til å streike på 40 stader i landet.

Seinare har Thunberg fått audiens mellom anna i EU, FN og Verdsøkonomisk forum i Davos for å snakke om behovet for umiddelbar handling på klimafeltet. Onsdag vart ho nominert til Nobels fredspris.

Får ikkje godkjent fråvær

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) roser engasjementet, men meiner streiken er feil veg å gå.

- Det er eit stort og viktig klimaengasjement blant elevane. No har dei varsla at dei skal gå ut i streik, og det synest vi er ei dårleg løysing. Vi ønsker å møte ungdommane til klimapolitiske toppmøte, og skulen burde heller gripe denne moglegheita til å diskutere med elevane i samfunnsfag korleis ein skal påverke politikarane og i naturfag korleis ein skal få ned klimagassutsleppa, seier han.

Natur og Ungdom har tidlegare tatt til orde for at dei streikande elevane bør få godkjent fråværet som gyldig på politisk grunnlag. Sanner er usamd:

- Det er ein regel knytt til politisk arbeid, men streik vil normalt sett ikkje gi godkjent fråvær, seier han.

- Kveler klimastreiken

- Det ser ut som regjeringa vil bruke fråværsgrensa til å kvele klimastreiken. Det er tydeleg at dei synest klimakritikken til elevane er ubehageleg, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han meiner at streik burde vere ein demokratisk rett også for elevar, og seier at ungdommar som engasjerer seg for å ta vare på jordkloden, bør få «takk og ikke straff».

Stortingspolitikar for MDG Une Bastholm seier at elevane ikkje treng klapp på hovudet frå regjeringa, men politikarar som viser handlekraft. Ho meiner elevane gjer rett i å streike.

- Eg er lut lei av politikarar som hyllar engasjementet, men som samtidig kallar skulestreik for feil verkemiddel, seier ho.

Arrangerer «klimatoppmøte»

Som eit svar til ungdommane, vil regjeringa arrangere møte med dei streikande i fleire norske byar utover våren. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier han forstår frustrasjonen til elevane.

- Elevane har heilt rett i at det er ein veldig alvorleg situasjon. Vi må kutte klimagassutsleppa 40-50 prosent globalt dei neste 10-15 åra. Når vi ser dette engasjementet frå unge, ønsker vi å møte dei ved å invitere til eit eige klimatoppmøte. Det er ingen tvil om at hovudansvaret er vårt, og vi vil lytte til dei for å høyre på innspela deira på kva vi bør gjere, seier Elvestuen.

Natur og Ungdom misnøgd

Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom beskriv Sanners omfamning av engasjementet som «holt».

- Det er ikkje sant når han seier at regjeringa tar klimakrisa på største alvor. Då hadde dei faktisk fått ned utsleppa våre. I staden har norske utslepp auka så lenge vi har levd, og regjeringa skryter av at dei set ny rekord i å leite etter olje i Barentshavet, seier Eiterjord til NTB.

Han seier regjeringa førebels ikkje har tatt kontakt med organisasjonen for å organisere møta, og han er i tvill om i kva grad Natur og Ungdom i det heile vil vere interessert i slike møte.

- Det er nok av møte der politikarar seier kor mykje dei bryr seg, men går heim og gjer ingenting. Vi vil ha nye klimajobbar, inga ny oljeleiting og forpliktande planar for korleis norske utslepp skal gå ned sporenstreks, seier han.

(©NPK)

Regjeringa - her representert ved olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp, lengst til venstre), barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) og klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) - vil invitere til «ungdommens klimatoppmøte» for å diskutere løsningar og å få innspel fra ungdommane. Ungdommar i ei rekke land har varsla skulestreik for klimaet. I Noreg er det planlagt skulestreik 22. mars. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Natur og Ungdoms leiar Gaute Eiterjord meiner det er nok av møte der politikarar seier kor mykje dei bryr seg, men går heim og gjer ingenting. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...