Annonse

Regjeringa vurderer krav til sertifikat for førarar av hurtigbåtar

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner kurs og prøvar kan vere fornuftig for folk som skal køyre raske båtar.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner kurs og prøvar kan vere fornuftig for folk som skal køyre raske båtar.

- Regjeringa vurderer å innføre eit eige teoretisk og praktisk kurs for førarar av fritidsbåtar med større fart enn 50 knop. Som den tragiske ulykka i Skjomen 10. augst dessverre er eit døme på, gir høg fart større fare for alvorlege personskadar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Teknisk Ukeblad.

Farten før ulykka er ikkje kjent, men han skal ha vore over 50 knop.

I dag kan kven som helst med teoretisk prøve og båtførarbevis kjøpe og føre båtar inntil 15 meter (49 fot) med fleire hundre hestekrefter og toppfart over 100 knop. Ulykka i Nordland skjedde med ein 29 fot RIB (8,8 meter) med 725 hestekrefter og toppfart 82 knop (161 km/h). Ulykkesbåten var ein Goldfish 29. Konstruktøren og grunnleggar av båtprodusenten, Pål Sollie, er tydeleg:

- Det må innførast krav til førar, både teoretisk og praktisk. Det må vere opp til styresmaktene å krevje sertifisering, seier Sollie.

Næringsministeren har lagt merke til at fart blir trekt fram av Statens havarikommisjon for transport (SHT).

- I tidlegare undersøkingar av sjøulykker har Statens havarikommisjon for transport peika på at det blir kravd spesielle evner for å føre båt i høg fart. Regjeringa har omtalt dette og andre forhold som gjeld sikkerheit på fritidsbåtar i stortingsmeldinga «Samhandling for betre sjøtryggleik» som vart lagt fram før sommaren, seier Røe Isaksen.

(©NPK)

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen mottar den nye nasjonale handlingsplanen mot fritidsbåtulykker, som er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet, frå fungerande sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix