Reisande vil akseptere dyrare bussbillett for å få vente under tak

Halvparten av dei spurde svarer at dei vil betale meir for kollektivbilletten dersom venteområdet er reint, lyst og at det er le for vind og vêr.

Det er ei måling som Transportøkonomisk institutt (TØI) gjennomførte før koronautbrotet, som viser at tydinga av le, reinhald, vedlikehald og lys på haldeplassen var viktig for mange reisande. Mange er òg oppteke av at det skal vere bra mobildekning, skriv Dagsavisen.

Det er omtrent halvparten av dei spurde som er villige til å betale meir dersom haldeplassane blir haldne i betre stand og at det er mogleg å vente med tak over hovudet. Dei spurde i undersøkinga er reisande over 18 år, frå heile landet, men med ei overvekt av spurde frå urbane strøk, særleg Oslo og Trondheim.

Samtidig seier den andre halvparten at dei ikkje er villig til å betale meir for få betre haldeplassar.

Undersøkinga viser òg at dei reisande ikkje vil akseptere at standarden på haldeplassen blir dårlegare utan at billettprisane blir reduserte.

– Haldeplassen og stasjonen er ein viktig del av reisa for mange. Det er der vi står og ventar. Kvaliteten på haldeplassen og stasjonen seier vel òg noko om statusen ved å reise kollektivt, seier forskar Knut Veisten ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

(©NPK)

Omtrent halvparten av haldeplassane i Oslo har leskur eller tak, men andre stader i landet er delen mykje lågare. No viser ei undersøking at mange kan tenke seg å betale meir for billetten dersom haldeplassane er i skikkeleg stand, har tak og bra mobildekning. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix