Annonse

Rekord på Oslo Børs fredag

Hovudindeksen på Oslo Børs steig 1,07 prosent til ny rekord på 946,63 poeng fredag. Sist det vart sett rekord, var i september 2018.

Den gong stengde hovudindeksen på 946,43 poeng, ifølgje E24.

Hovudindeksen er dermed opp 1,63 prosent sidan nyttår og 12,67 prosent dei siste tolv månadene.

Telenor vart det mest omsette selskapet fredag og enda opp 4,5 prosent. Det skjer etter at kjelder ifølgje Bloomberg sa at selskapet er i samtalar om å kjøpe ein eigardel i Malaysias største teleoperatør Axiata.

Torsdag vart det kjent at Telenor har skilt ut eigedom og mobil-, radio- og breibandnettet i det nyoppretta selskapet Telenor Infra.

Spetalen selde seg ut

Self Storage Group vart det nest mest omsette selskapet fredag og enda ned 6,3 prosent.

Det skjer etter at investor Øystein Stray Spetalen selde seg ut av selskapet før børsopning. Spetalen dumpa aksjar for 496 millionar kroner, noko som bidrog til å sende dagens nest mest omsette aksje ned 6,29 prosent, ifølgje E24.

Deretter følgde Equinor (+0,6), Mowi (+0,8) og DNB (+0,9).

Shippingsektoren utmerkte seg mest positivt og enda opp 1,3 prosent, medan energisektoren enda opp 0,6 og sjømatsektoren opp 0,5.

Oppgang i Europa

Også oljeprisen gjekk opp og eit fat nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 64,82 dollar, opp 18 cent.

På dei viktigaste børsane i Europa var det òg oppgang. Londons FTSE 100 var opp 0,9 prosent ved 16.40-tida. I Frankfurt enda DAX 39 opp 0,7, medan CAC 40 i Paris endre opp 1 prosent.

I USA var S & P 500 opp 0,2 prosent i 17-tida, medan Dow Jones var opp 0,1.

I Asia avslutta Nikkei-indeksen i Tokyo opp 0,5, medan Hang Seng i Hongkong steig 0,6.

(©NPK)

Hovudbørsen på Oslo Børs steig og enda på ny rekord fredag ettermiddag. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix