Annonse

Rekordmange brannar i Brasil engasjerer

Brannane i Amazonas engasjerer. Regnskogen er viktig for klimautviklinga, men forskarane slit med å seie klart kva det vil bety på lengre sikt.

- Når det gjeld å binde CO2 (karbondioksid) generelt, så er alle skogane i verda viktige. Det er ikkje berre regnskogen som er viktig. Men regnskogen er viktigare enn til dømes den tørre skogen i Spania, seier professor Line Nybakken ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Amazonas i Brasil omfattar 20 prosent av skogane i verda, og ikkje alt er tropisk skog. Russland har òg 20 prosent av skogane i verda. Deretter er det USA, Canada og Kongo som har dei største skogsområda i verda.

Når skogane blir brunne eller hogne ned, går biomangfaldet, med dyr, insekt og plantar, tapt. Samtidig blir frigjort CO2 som er bunde opp i mellom anna trea. Frigjering av CO2 bidrar til klimaendring.

- Enormt

- Det er så store mengder biomasse i regnskogen, fordi han er prega av så mange arter og det er så ideelle vekstvilkår, at du får fylt opp heile rommet. Viss han brenn eller blir hoggen ned, så er det vanskeleg å erstatte han sidan det er ei samansetning av så mange arter, seier NMBU-professoren.

Avskoginga i Brasil auka fram til 2004, då heile 27.000 kvadratkilometer skog gjekk tapt. Sidan den gongen er avskogingen betydeleg redusert, men det blir frykta at eit skifte er komme.

- Det er enormt det som skjer i Amazonas. Brannane er betydeleg større enn vi såg i fjor og året før, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt.

Han forklarer at på kort sikt vil byar i området få mykje sot og lokal forureining, i tillegg til det tragiske tapet av biomangfald i dei store areala som brenn. Sotpartiklane frå brann legg seg i eit lågare lag og vil regne ned ganske fort samanlikna med vulkanutbrot som nedkjøler jorda når massen skyt veldig høgt opp i atmosfæren og ligg der lenge.

- Men det vil spreie seg breitt, i og med at det er store område som brenn.

Ikkje klart svar

Klimaforskar Hygen er usikker på om nokon kan gi eit klart svar på kva brannane i Brasil vil bety på lengre sikt.

- Men det vil verke inn på klimaet i verda. Amazonas er eit av dei områda der vi i praksis fangar og lagrar biokarbon. Og for å gjere det trengst det levande skog.

Dei nedhogde og nedbrente områda i Brasil blir erstatta av beiteareal og jordbruksareal som ikkje har same karbonfangsten. Dette fører til at vi får eit auka innhald av CO2 og også metan i atmosfæren.

Hygen karakteriserer brannane i Brasil som er ei krise i seg sjølv, men som også er ein del av den meir saktegående krisa, som endringa i klimaet er.

- Det går sakte, og det er små endringar. I det store blir det ikkje veldig store volum her, men det er nok éin spiker i klimaendringskista. Ein av veldig mange bitar som peikar i den retninga vi ikkje vil, seier han.

3,5 millionar kroner

At Amazonas brenn, har skapt eit enormt engasjement på få dagar.

Miljøorganisasjonen Regnskogfondet melder fredag ettermiddag at dei har samla inn nærare 3,5 millionar norske kroner. Pengane går til samarbeid med 14 lokale organisasjonar som jobbar med alt frå brannsløkking og overvaking til juridisk bistand.

- Alt ein frykta med den nye regjeringa i Brasil er i ferd med å skje, og brannane tyder på at dette er ei utvikling som vil halde fram. Dei fleste brannane er påsatt for å gi rom for ulovlege landbruksareal. Dette er framleis ulovleg under den nye regjeringa, men det skjer mykje oftare enn før fordi folk no truleg reknar med at dei kan sleppe unna med det, seier generalsekretær Øyvind Eggen i Regnskogfondet.

Det er registrert 75.000 brannar så langt år, det høgaste talet sidan 2013. Torsdag viste satellittbilder 2.500 aktive brannar dei siste 48 timane.

Samanlikna med same periode i fjor er det 85 prosent fleire brannar, ifølgje det brasilianske romforskingssenteret Instituto Nacional de Pesquisas Espaciais (INPE), skriv BBC.

(©NPK)

Det er registrert 75.000 branner så langt år, det høyeste antallet siden 2013. Torsdag viste satellittbilder 2.500 aktive branner de siste 48 timene. Dette bildet er frå 15. august, som er nokre dager tidlegare. Foto: AP / NTB scanpix