Rekordmange danske familiar søkjer julehjelp

14.987 danske barnefamiliar hadde søkt om hjelp til å feire jul hos Dansk Folkehjælp då fristen gjekk ut ved midnatt. Det er ein auke på nesten ein tredel.

I fjor fekk nemleg 11.400 familiar slik hjelp. Organisasjonen venta eigentleg at talet på søkjarar ville flate ut, men koronapandemien endra biletet fullstendig. Mange av førstegongssøkjarane har mista jobben og er no på dagpengar.

Hjelpa består av julemat og varer til 500 kroner, og eit gåvekort til gåver til barna på 1.000 kroner. Dansk Folkehjælp må no samle inn meir enn 22 millionar danske kroner før alle kan få hjelp.

Fleire andre organisasjonar deler òg ut julehjelp i Danmark, mellom dei Røde Kors, som håpar å kunne gi ei hjelpande hand til 12.000 familiar.

(©NPK)