Annonse

Rekordmange har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket

Aldri før har så mange kvalifiserte søkarar fått tilbod om studieplass som under hovudopptaket i år. Rekordmange har fått plass på sjukepleiarutdanningane.

Annonse

99.319 søkarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket til høgare utdanning. Det er 1.042 fleire enn i fjor, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Av litt over 137.000 søkarar er 121.000 kvalifiserte for minst eitt studium, viser tal frå Samordna opptak (SO). Blant dei kvalifiserte søkarane har åtte av ti fått tilbod om studieplass. Halvparten av søkarane har komme inn på førstevalet sitt.

- Aldri før har det vore fleire studieplassar ved høgskulane og universiteta i landet, og aldri før har fleire kvalifiserte søkarar fått plass. Dette er veldig gode nyheiter. Vi har stort behov for personar med høgare utdanning i Noreg, og eg er glad for at vi kan tilby endå fleire enn før studieplass, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Karakterkravet på minimum 3 i norsk og matematikk på sjukepleiarutdanningane ser ikkje ut til å skremme bort framtidige sjukepleiar. Det var venta ein nedgang som følgje av kravet, men i stade er det i år rekordmange som har fått tilbod om plass.

Totalt er det gitt studietilbod til 7.255 søkarar på sjukepleiarutdanningane. Det er ein auke på 3,7 prosent.

Det heng ifølgje Kunnskapsdepartementet saman med at det i år er planlagt 225 fleire studieplassar på dette studiet.

(©NPK)

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø før presentasjonen av opptakstala for høgare utdanning tysdag. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK