Annonse

Rekordmange journalistar drepne på jobb i Afghanistan

Til no i år har 14 journalistar og andre tilsette i media blitt drepne i Afghanistan. Det er det høgste årstalet sidan starten på krigen.

13 av dei 14 som er drepne til no i år, var journalistar.

- Når vi går heimanfrå, veit vi ikkje om vi kjem heim i live, seier journalist Hamid Haidary i fjernsynskanalen 1TV.

- Det har blitt for mykje for oss. Det handlar ikkje berre om stadane der sjølvmordsbombar går av, det gjeld også når ein drar ut på landet, når ein er på veg til jobb og når ein er på kontoret. Alt dette er forbunde med risiko, og det er nokon gonger vanskeleg å eliminere risikoen fullstendig, seier Lotfullah Najafizada, som er direktør for Tolo News, det største private kringkastingsselskapet i landet.

- Må tenkje nytt

Sidan den USA-leidde invasjonen mot Taliban starta i 2001, har 60 journalistar og andre tilsette i media blitt drepne, ifølgje Reporters Without Borders (RSF). 39 av dei blei drepne etter at Nato trekte seg ut i 2014.

Ifølgje den afghanske mediestøttegruppa NAI er 95 blitt drepne sidan 2001.

Utviklinga har tvinga redaksjonane til å tenkje nytt.

Rykker ikkje

The New York Times har no som retningslinje å ikkje rykke ut i det heile tatt. Det må vere ein usedvanleg god grunn for å rykke, fortel avisas Kabul-sjef Rod Nordland.

I staden besøkjer avisa sjukehus og familiane til offera for å vise menneskelege lidingar som sjølvmordsangrep fører til. Ein kan fint formidle historia utan å vere på åstaden, meiner han.

Afghanske 1TV held likevel fram med å rykke ut til åstader for sjølvmordsangrep, men utan å vere først, og alltid iført skotsikre vestar og hjelmar.

(©NPK)

Afghansk sikkerheitspersonell inspiserer åstaden for eit sjølvmordsangrep i Jalalabad i Afghanistan i august. Foto: Mohammad Anwar Danishyar / AP / NTB scanpix