Annonse

Rekordvekst i bruk av betalingskort i Noreg

Etter ein kraftig nedgang i forbruket då koronapandemien kom til Noreg, har det no vore ein rekordstor vekst i bruk av betalingskort samanlikna med juni 2019.

Den markante veksten har skjedd i den samla kortomsetninga, som var på 68,9 milliardar kroner. Dette er 10,6 prosent høgare enn i juni 2019, opplyser Nets i ei pressemelding.

I juni vart det gjennomført 187,7 millionar transaksjonar med betalingskort i Noreg – 1 prosent fleire enn same månad i fjor. Den beskjedne veksten i talet på transaksjonar betyr at vi kjøper dyrare varer, ifølgje Per Harald Strøm, sjef for data og analyse i Nets.

– Det er meir netthandel, færre småkjøp, og feriepengane blir brukte heime hos oss sjølve i år, seier han.

Dette blir støtta av at bruken av BankAxept, den nasjonale betalingsløysinga i Noreg, aukar meir enn bruken av internasjonale kort og er 14,5 prosent høgare enn i 2019. Det kjem både av at nordmenn held seg i Noreg, og at det er få utanlandske turistar i landet, ifølgje Strøm.

Kommunikasjonssjef Hanne Kjærnes i Vipps meiner utviklinga er eit teikn på auka kjøpelyst, men minner om at det har vore ein nedgang i kontantbetalingar dei siste månadane. Ho trur nordmenn kan ha endra forbruksvanane sine permanent, med færre kontantar og fleire kontaktlause transaksjonar.

I juni vart 70 prosent av kortbetalingane gjort kontaktlaust, opp frå 68 prosent i mai.

(©NPK)

Bruken av kontaktlaus betaling aukar i Noreg.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix/ NPK