Publisert: 11.12.2019 kl 07:00
BioFoto Sunnmøre og Nordfjord har kåra vinnarbildet for desember der temaet var «Leik med lukkartid», og Jon Kjøs er vinnaren.
Publisert: 10.12.2019 kl 14:22
Volda vgs. fekk ei gladnyheit tysdag. Fylkestinget har no vedteke å behalde dei nedleggingstruga linjene Musikk, dans og drama, og Kunst, design og arkitektur. Men, ekstramidler som i dag brukast ved toppidrettslinja vert kutta.
Publisert: 10.12.2019 kl 07:00
– Billettprisane er heilt ute av kontroll og det er difor vi protesterer, sa pådrivar for ferjeaksjonen, Arild Sæterås på ferjekaia på Lauvstad laurdag. Der var det samla fleire hundre for å protestere mot høge ferjetakstar og fare for dårlegare ferjetilbod.
Publisert: 09.12.2019 kl 07:00
Ørsta kommune går ei tung periode i vente med kutt i drifta og reduksjon i stillingar. Kommunale vegar vert foreslått lagt ned, gebyr for kommunale tenester aukar og ei midlertidig auke av eigedomsskatten kan verte aktuelt. Medan dei fleste må spare, får rådmannen og hennar stab 5,5 millionar ...
Publisert: 08.12.2019 kl 07:00
Styrar av Velli AS søkjer om dispensasjon frå arealplanen då Musikk i sentrum vil leige i kjellaren i Ivar Aasen-gata 18 i Ørsta. Her vil ein ha servering, møtestad og kulturscene
Publisert: 04.12.2019 kl 07:00
Søndag 1. desember opna peparkakebyen på Spinneriet. Dette er eit initiativ som skaper både trivsel og engasjement blant befolkninga i Volda. Med bidrag ifrå både skular og barnehagar samt privatpersonar var det ikkje tvil om engasjementet rundt prosjektet.
Publisert: 02.12.2019 kl 07:00
Ein jury har kåra dei ti beste faktabøkene for barn som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Barn og unge frå heile Noreg har sendt inn forslag. Blant dei ti er Ørjan Nyland si keeperskule-bok.
Publisert: 01.12.2019 kl 07:00
Volda Elektriske Mylne AS (Mylnå) frå 1937, har ei drift som knyter seg heilt attende til 1864. Etter mangfaldige år i drift har mylnesteinane til havrekverna vorte for nedslitne til at dei kan brukast til vidare produksjon. I over eit år har difor havrekverna stått ubrukt. Fredag vart Mylnå ...
Publisert: 27.11.2019 kl 14:45 - Oppdatert: 27.11.2019 kl 14:47
Etter møtet i fylkesutvalet tysdag kan det verke som at fylket snur i skulekutt-saka. Fleirtalet vil halde oppe fleire av skulefaga som fylkesrådmannen har føreslege å leggje ned. Men saka er ikkje avgjort før i desember.
Publisert: 26.11.2019 kl 07:00
16.-17. november gjekk Junior-NM i judo av stabelen i Nadderudhallen i Bærum. Ippon Judoklubb var arrangør. Volda judoklubb var ein av deltakarklubbane.
Publisert: 25.11.2019 kl 07:10
4. klasse ved Bratteberg skule besøkte Kometland tysdag, for å lære meir om solsystemet vårt. – Dette temaet har fengja veldig, seier kontaktlærar Ingvild Hasle.
Publisert: 24.11.2019 kl 13:00
Ungdomshuset i Ørsta feirar jubileumsveke med konsertar og mykje anna kjekt på tapetet neste veke.
Publisert: 24.11.2019 kl 07:00
Forutsigbarheit, kvalitet over kvantitet, bustadar og ikkje-plasskrevjande handel i sentrum er viktige nøkkelord. - Det er mykje folk og kjøpekraft i Volda, og som kommune, næringsliv og forbrukarar har vi alle eit ansvar. Vi må leggje til rette for handelen i sentrum og ta vare på alt det ...
Publisert: 23.11.2019 kl 15:00
Rekordmange ungdomsskuleelevar var på hospitering ved Ørsta vgs torsdag, og Design og handverk var godt besøkt. Linja, som neste haust bytar namn til Frisør, blomster- og interiørdesign, er ei av fleire linjer som står i fare for å verte kutta.
Publisert: 23.11.2019 kl 07:00
Denne veka har om lag 280 ungdomsskuleelevar frå heile Søre og Hornindal fått prøve seg som elevar ved dei seks utdanningsløpa til Ørsta VGS.
Publisert: 22.11.2019 kl 13:20 - Oppdatert: 22.11.2019 kl 13:20
Torsdag var det duka for opning av Jernia på Spinneriet. Butikken trakk store mengder folk og vart teke svært godt i mot av voldingane.
Publisert: 22.11.2019 kl 07:00
Det vart oppdaga noko skeivheit i konstruksjonen til det nye observatoriet ved Kometland. No er dette retta opp i, og Knut B. Aarseth gler seg til opning av det store teleskopet på nyåret.
Publisert: 21.11.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 21.11.2019 kl 08:40
Det var nærast Beatles-tilstandar for Alpingruppa sitt årvisse sal av bruktski på laurdag. Meir enn 400 ulike ski- og vintersportsartiklar vart levert inn til skibyttedagen, og det vart omsett for om lag 70.000 kroner.
Publisert: 20.11.2019 kl 07:00
15. november 2019 – Åkerblå Group, som har kontor i Volda, har inngått ein avtale om å kjøpe 49 prosent av aksjane i MarinHelse AS. Samtidig styrker selskapa deira felles stadvere i dei tre nordlegaste fylka i landet.
Publisert: 19.11.2019 kl 07:00
Torsdag opnar den nye Jernia-butikken på Spinneriet. - No går vi all-in og satsar her i Volda, så får vi håpe at folk tek godt i mot oss.
Publisert: 18.11.2019 kl 07:00
Med Regjeringa sine kuttforslag vil 200 færre born få tilbod om undervisning gjennom Globalskulen. Arbeidarpartiet har lagt inn tre millionar kroner til skulen i sitt alternative statsbudsjett, og jobbar no for å få fleirtal for budsjettalternativet.
Publisert: 17.11.2019 kl 07:00
Frå 1965 til i dag har ingeniørkontoret vekse frå fire til heile 21 tilsette, og dei satsar stort nasjonalt. No har dei flytta til større lokale i Ørsta og dei er absolutt rigga for vidare vekst.
Publisert: 15.11.2019 kl 07:00
Torsdag 14. november opnar Volda og Ørsta kunstlag ei spennande salsutstilling på Spinneriet i Volda. Denne gongen blir verk av i overkant av 30 kjende kunstnarar presenterte og lagde ut for sal.
Publisert: 14.11.2019 kl 07:00
Entreprenøren Ivar Aambakk sit klar, med det hittil beste tilbodet på 36,887 millionar kroner. Ørsta kommunestyre handsamar saka 21. november.
Publisert: 13.11.2019 kl 07:00
Publikum strøydde om seg med lovord etter konserten med Åsmund Farstad i Svormuseet under Kulturnatt i Nordfjord.