Annonse
– Vi er veldig begeistra!

Opning av nye Hornindal skule:

– Vi er veldig begeistra!

Publisert:

Elevar og tilsette ved Hornindal barne- og ungdomsskule er begeistra over det nye skulebygget sitt – ein framtidsretta skule i massivtre.

– Motiverande å lære av dei beste

Handballskule i haustferien:

– Motiverande å lære av dei beste

Publisert:

Vel 30 born og ungdommar valde å bruke haustferien sin i Voldahallen. Her fekk dei lære dei beste triksa frå 1. divisjonsjentene i Volda handball.

Ørsta-barnehagane har funne seg sjølve

Stor barnehagemesse i Ørsta:

Ørsta-barnehagane har funne seg sjølve

Publisert:

For tre år sidan vart Ørstabarnehagen med i utviklingsarbeidet «Ringer i vann», som jobbar etter rettesnora: «Stå for noko, elles fell du for alt». Under barnehagemessa fekk alle dei 11 barnehagane i Ørsta vise fram identiteten sin.

Toppoppgjer: KFUM Volda - Randaberg

Toppoppgjer: KFUM Volda - Randaberg

Publisert:

Etter ein forrykande i debut i Mizunoligaen går Volda rett til toppoppgjeret, og møter Randaberg i sin tredje heimekamp på rad.

– Vi må vere stolte av norsk mat

– Vi må vere stolte av norsk mat

Publisert:

Osdal catering sitt butikkutsal fylte to år 25. september, og sal av god heimelaga norsk kost har vist seg å vere ei oppskrift til suksess. – Det har vore overraskande positivt sidan start, seier kokk og dagleg leiar Stian Osdal.

Rømt oppdrettslaks har spreidd seg til fleire elver

Rømt oppdrettslaks har spreidd seg til fleire elver

Publisert: - Oppdatert: 10.10.2019 kl 15:32

I samråd med Fylkesmannen i Møre og Romsdal gir Fiskeridirektoratet Mowi pålegg om utvida gjenfangst etter at rømt oppdrettslaks no er observert i fleire elver.

- Øyraelva er viktig for Volda

- Øyraelva er viktig for Volda

Publisert:

- Gummigranulat frå kunstgrasbana bør ein absolutt få kontroll over, saman med kartlegging av røyr og gamle deponi i og langs vassdraget. I tillegg bør områda rundt vassdraget beskyttast mot for mykje utbygging, slik at ein kan bevare økosystemet som eitt, meiner fylkeskommunen.

Egil Olsen med nytt album og turné

Egil Olsen med nytt album og turné

Publisert:

Dobbeltalbumet ‘Rare’ vert sleppt 25. oktober. Torsdag vert ein ny (norsk) musikkvideo sleppt og 24. oktober er det releasekonsert i Volda.

Vêrkåring sikrar kvaliteten

Vêrkåring sikrar kvaliteten

Publisert:

Sauebøndene på Søre Sunnmøre har sin ein eigen vêrring. Kvar haust møtest medlemmene til vêrkåring. Dette for å sikre at kvaliteten på avlsdyra er god.

Åsmund fekk Bolstadprisen

Åsmund fekk Bolstadprisen

Publisert:

Voldingen Åsmund Arnesen Farstad vart den heldige vinnaren av Bolstadprisen 2019, og den andre vinnaren i rekkja.

– Henrikke var eit eineståande godt menneske

Laura Henrikke Svendsen Melle

– Henrikke var eit eineståande godt menneske

Publisert:

Laura Henrikke Svendsen Melle er i dag 92 år gamal. Denne dama er oppattkalla etter Laura, som var mor til Henrikke Svendsen, og bestemor si, sjølvaste Henrikke Svendsen.

Kvinnene i fleirtal i Ørsta

Kvinnene i fleirtal i Ørsta

Publisert:

Formannskapet og kontrollutvalet i Ørsta er vedteke. For aller fyrste gong er det kvinnefleirtal i Ørsta formannskap – med fem av ni representantar.

30 år med bøker og interiør

30 år med bøker og interiør

Publisert:

Elisabeth Gamlem Lødemel har drive den tradisjonsrike bokhandelen i Hornindal i 30 år. – Det er heilt utruleg kor fort tida har gått! Eg storkosar meg på jobb kvar dag, smiler ho.

Brenn for eit levande bygdemiljø

100 år med butikk i Hornindal

Brenn for eit levande bygdemiljø

Publisert:

Neste år er det 100 år sidan Bottolv A. Lødemel starta skreddarforretning i Hornindal. Fire år seinare opna han i tillegg ein bokhandel. No er det tredje generasjon som driv vidare forretningane i bestefaren si ånd.

– Vi vert gratis vaktmeistrar for staten

Dramatikk for småkraftverka:

– Vi vert gratis vaktmeistrar for staten

Publisert:

Kraftskatteutvalet foreslår ny skattlegging av småvasskraftverk, samt å avvikle ordninga med konsesjonskraft og -avgift. – Dette er dramatisk. Vert desse endringane vedteke, er det ikkje liv laga for private å halde fram med kraftproduksjon.

Rømt laks og millionar i dagsbøter

Rømt laks og millionar i dagsbøter

Publisert:

Mowi må kanskje slakte større mengder laks grunna store luseproblem på anlegga ved Rønstad og Voldnes. Dei får 330.000 kroner i dagbøter frå Mattilsynet fram til dei får kontroll på situasjonen. I tillegg har det rømt laks frå begge anlegga.

Vegarbeid i sentrum

Vegarbeid i sentrum

Publisert:

Entreprenøren BKK Enotek er i gong med å leggje høgspentkabel på bestilling frå Mørenett, frå den nye ferjekaia, langs E39 og småbåthamna, og ved fleire andre stadar i Volda sentrum.

Debuterer i eliteserien til helga

KFUM Volda sitt elitelag i volleyball:

Debuterer i eliteserien til helga

Publisert:

KFUM Volda er i helga klar for serieopning i eliteserien i volleyball. Det er første gong på 43 år at Volda har eit lag i toppdivisjonen.

– Vi er leiande på teknologi

Millioninvesteringar i 2019:

– Vi er leiande på teknologi

Publisert:

PE Bjørdal satsar og har investert 15 millionar kroner i maskiner og moderne utstyr berre i år. Dei møter tøff konkurranse i bransjen, men etter nye teknologiske investeringar går dei forbi konkurrentane.

Startskotet for Dalsfjordkryssing

Startskotet for Dalsfjordkryssing

Publisert:

Voldsfjordkryssing AS har skrive kontrakt med Asplan Viak for utarbeiding av planprogram for brukryssing av Dalsfjorden.

– Dette er ei stor tillitserklæring

PE Bjørdal med ny storkontrakt:

– Dette er ei stor tillitserklæring

Publisert:

PE Bjørdal har skrive ny storkontrakt, og skal byggje verdas største linebåt til Tersan/Østerfjord i Tyrkia.

Klagar på tildelinga

Klagar på tildelinga

Publisert:

Ørsta kommune gav tilbodet til Nordplan om prosjektet «Reguleringsplan for flyplasskrysset». Dette stiller AG Plan og Arkitektur seg undrande til. Dei har no vendt seg til kommunen og krev å få innsyn i saka, då dei lurer på å klage på tildelinga.

– Eit fotavtrykk inn i framtida

Symjehall og ny ungdomsskule i 2023:

– Eit fotavtrykk inn i framtida

Publisert:

Det kalla Odd A. Folkestad (Uavh.) kommunestyret sitt vedtak om at symjehall skal byggjast så snart som mogleg. – Ny ungdomsskule har vi allereie prioritert høgt, og no kan vi også seie at arbeidet med symjehall verkeleg er i gang.

Oclin fekk streame prestisjefull kokkekonkurranse

Oclin fekk streame prestisjefull kokkekonkurranse

Publisert:

Volda-selskapet Oclin AS stod for videoproduksjon og streaming av Årets Unge Kokk og Årets Kokk 2019 for Bocuse d'Or Norge.

– God tru på at argumenta vinn fram

– God tru på at argumenta vinn fram

Publisert:

Volda-ordførar Jørgen Amdam er glad for at styret vedtok å utsetje avgjerda om Volda som traumesjukehus, men meiner diskusjonen må opp på nasjonalt nivå. – Det er den nasjonale traumeplanen som skal vere førande i dette spørsmålet, ikkje føretaksgrensene.