Publisert: 10.01.2020 kl 07:00
Volda og Hornindal har blitt éi kommune og det vert feira med stor festkonsert i Propellhallen. Målet er å samle og knyte dei to kommunane saman med song og musikk – og konserten er open for alle.
Publisert: 09.01.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 09.01.2020 kl 19:52
Volda sjukehus er nesten heilt aleine i Noreg om å bruke ein omstridt behandlingsmetode mot blodforgifting. Den kan redde tusenvis av liv årleg. – Eg har fått mange positive reaksjonar, seier overlege Eivind Vinjevoll til TV 2. Neste veke kan ein stor rapport avdekkje om behandlinga faktisk ...
Publisert: 08.01.2020 kl 07:00
Til no har Hovden Flyservice vore arbeidsgjevaren til dei som jobbar i Widerøe-uniform ved Ørsta/Volda lufthamn. 1. januar tek Widerøe Ground Handling over ansvaret for dei tilsette, og driftar stasjonen sjølv.
Publisert: 07.01.2020 kl 07:00
Tusenvis av nordmenn dør kvart år av kritisk blodforgifting. Men i Volda har legane teke i bruk ei enkel C-vitaminblanding - som i nesten alle tilfella ser ut til å redde pasientane sitt liv. TV2-programmet «Vårt lille land» får kome på innsida av Volda sjukehus i ei spesialutgåve tysdag.
Publisert: 27.12.2019 kl 10:00
Voldajenta Ingvild Berge Conradsen (20 år) skal feire jul heimanfrå for første gong. Ho er eittåring på KFUK-hjemmet i London dette året.
Publisert: 26.12.2019 kl 16:00
-Eg er oppvaksen på ein liten gard på Årset i Austefjorden. Som alle andre med slik oppvekst, var eg som nest eldste dottera tidleg van med å arbeide både inne, ute og på sætra. Skulearbeidet gjekk som ein leik og eg likte rekning mest av alt. Mor sa: «Det er sørgjeleg at me ikkje har råd ...
Publisert: 25.12.2019 kl 16:00
Tradisjonen med å lage Kling går frå generasjon til generasjon i familien Finnes. I november samla kvinnene i slekta seg heime hos Margunn Finnes Skjåstad for å bake denne lefsesorten. Ho som førte tradisjonen inn i slekta, Berta Ølnes Finnes (86 år) frå Sogndal, var på plass.
Publisert: 24.12.2019 kl 10:00
Adelen, Johan, Jesper, Jo og Olav i Engeset barnehage gler seg veldig til å feire jul.
Publisert: 23.12.2019 kl 18:00
Over 95 personar har melde seg på alternativ julefeiring ved restauranten My Kitchen i Volda. Blant deltakarane er det både barnefamiliar, ungdommar og eldre.
Publisert: 23.12.2019 kl 07:00
Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vore hovudsponsor for KFUM Volleyball i ei årrekke. No støttar dei Volda vidaregåande skule sine volleylag med kr. 25.000,- til NM i Bergen.
Publisert: 22.12.2019 kl 07:00
Sentralkjøkkenet i Volda har siste halvåret vore stengt grunna ombygging. No står kjøkkenet ferdig og ny omleggingsproduksjon er iverksett. Det er derfor no høve til å kjøpe mat i kantina som tidlegare.
Publisert: 21.12.2019 kl 07:00
Mork skule imponerte stort med prosjektet «Likeverd» til peparkakelandsbyen i Volda. Dei vart Folkets favoritt, og i tillegg meinte juryen at dei hadde laga den mest kreative bygninga.
Publisert: 20.12.2019 kl 11:50 - Oppdatert: 20.12.2019 kl 11:55
Det seier Trond Ryslett, som er dagleg leiar av fem kraftverk i Volda og Ørsta. Kraftskatteutvalet foreslo å senke den nedre grensa for grunnrenteskatt for småkraftverk. Det vert ikkje aktuelt, melder Regjeringa.
Publisert: 20.12.2019 kl 07:00
I september vart alle elevane i grunnskulen i Ørsta invitert til gratiskonsert med Rotlaus. Det vart kjempepopulært, og no er det elevane ved Volda og Ørsta vidaregåande skular sin tur.
Publisert: 19.12.2019 kl 13:00
Tysdag var det klart for ny runde med Volda vidaregåande skule sitt unike DNA-prosjekt. 12 elevar med lokal og internasjonal bakgrunn skal teste sitt DNA for å finne ut meir om forfedrane si genetiske reise. Det er venta fleire spennande funn.
Publisert: 18.12.2019 kl 07:00
Hestesporten i Ørsta får innvilga lånegarantien på 9,451 millionar kroner, men det var usemje i kommunestyret om Ørsta Hest AS skulle få dekning for heile søknadsbeløpet eller ikkje.
Publisert: 17.12.2019 kl 07:00
Per Are Sørheim (H) trur grunnrenteskatten er komen for å bli, men om den vert senka frå 10 MVA til 1,5 MVA som ekspertutvalet foreslår, ville ein i toppåret 2018 gått med 100 millionar kroner i underskot. No har Ørsta kommunestyre kome med ein uttale til finansdepartementet. – ...
Publisert: 16.12.2019 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vedtok å utsetje bygging av ny symjehall i Ørsta i to år – til 2022. Det finnast ikkje midlar til basseng i budsjettet.
Kulturprisvinnaren skryt av Bjørkefolket:
– Vi kunne ikkje ha fått til Indiefjord noko annan stad i verda
Publisert: 15.12.2019 kl 16:00
Årets kulturpris i Ørsta går til Silja Haddal Mork som festivalgründer for Indiefjord på Bjørke. Silja takkar Bjørkefolket for varmen og openheita, og lovar ny Indiefjord-festival til neste sommar.
Publisert: 15.12.2019 kl 07:00
Den tradisjonsrike klebutikken Staurset fekk Ørsta kommune sin Næringspris 2019. Prisvinnarane slo eit slag for lokalhandelen og minna kundane om at dei får dei butikkane dei fortener.
Publisert: 14.12.2019 kl 16:00 - Oppdatert: 25.06.2020 kl 06:19
Stadig fleire har bestemt seg for å handle alle julegåvene i Volda i år, deriblant vår nye ordførar Sølvi Dimmen. No kan du få eit klistremerke når du handlar i Volda-butikkane som viser at du har eit «hjarte for Volda».
Publisert: 14.12.2019 kl 07:00
– Vi må endre måten vi driv kommunen på for å oppnå balanse. Det vert ein krevjande omstillingsprosess med naudsynte strukturendringar, seier Per Are Sørheim (H), då Ørsta kommune vedtok budsjettet for 2020.
Publisert: 13.12.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 13.12.2019 kl 09:21
Dersom Aurstad Tunnel AS skal leggje store ressursar i dette må det vere økonomisk rekningssvarande for verksemda. Det er ikkje økonomi i å engasjere seg i ei rein tilstelling for Aurstad Tunnel, og selskapet vurderer at eit samarbeid om tilstelling må vere tufta på at ein kan drive ut masse ...
Publisert: 12.12.2019 kl 16:00 - Oppdatert: 13.02.2020 kl 16:01
Har du sjekka ut den nye matbutikken i Volda sentrum? «Bazeat» er eit heilt nytt og framtidsretta matkonsept som kuttar mellomleddet og satsar på direktehandel. Målet er å endre måten vi handlar mat på, landet over, med Volda som utgangspunkt og fyrtårn.
Publisert: 12.12.2019 kl 09:20 - Oppdatert: 12.12.2019 kl 16:32
Hunden stod fast i band, men bandet var langt nok til å nå tak i vesle Sera, som fekk huda på det eine beinet flerra av. No vil hundeeigar Ståle Mork åtvare andre. – Kva om det var eit lite barn som gjekk forbi?