Møre

Møre

Volda Mode ved Ingrid Salt fortel om:

Populære strikketrendar i Volda

Volda Mode har strikkekafé ein gong i månaden. Då får strikkeinteresserte råd og hjelp av kvarandre og av Ingrid Salt og andre tilsette. Det er også ein møtestad der praten om strikkeoppskrifter og andre tema går jamt og latteren sit laust. På bilde ser vi frå v. Hanne Aasebø, Kirsti Ytrestøl Kvarkland, Ester Moltumyr og Anne Toril R. Sæten.

Etter at Skappelgenser-bølgja slo innover landet i 2011, har strikkeinteressa også i Volda halde seg høg. No er det islandske mønster, Ganni-inspirerte genserar og gamle travarar som Marius og Nancy som er ekstra «hot» i Sunnmørsbygda.

Møre
Møre

Publisert:

I 2011 tok Ingrid Salt frå Selje over Volda Mode. Same året vart Skappelgenseren eit fenomen i Noreg og også i Volda. Store genserar som var lette å strikke var i vinden.
No har Dorthe Skappel teke til å selje både oppskrifter og garn sjølv.

Ganni-inspirerte mønster
I 2018 har andre strikketrendar segla opp.
– No er det genserar som liknar på den italienske Ganni-genseren som er mellom dei trendane som er mest populære. Dette er «oversize» genserar i tjukt garn, som har strukturmønster som hol eller fletter. Dei blir strikka i einsfarga garn, informerer Ingrid.
I butikkvindauge har Volda Mode ein slik genser i ein burgunder farge.
Ganni-genseren kan ein kjøpe på designebutikkar i Oslo for mange tusen kroner. Strikkar ein den sjølv, kostar den berre eit par hundre.
Fleire firma og enkeltpersonar i Noreg har laga mønster som liknar på denne genseren. Mellom anna Anette Opheim.
- Ho sel mønstera sine på nettet, men garnet kan ein kjøpe hos oss, fortel Karla Sigvertsen som jobbar hos Volda Mode.
Allereie før sommaren vart garn og oppskrifter av dei såkalla Tiril-genserane til Sandnes garn på marknaden. Modellen her er skiskyttaren Tiril Eckhoff. Dette er også modellar som blir strikka med tjukke pinnar og har ulike strukturmønster.

– Kven strikkar desse oversitze-plagga?
- Det er folk i alle aldrar. Damer i 60 åra strikkar dei til seg sjølve og mange strikkar til borna sine, informerer Ingrid, og viser fram nokre av fargane dei har i dette tjukke luftige garnet.

Islandske genserar

I tillegg til denne moten er strikkeklede i islandsk garn og mønster i vinden.
Fleire stader i butikken heng det eksemplar av denne typen. Ingrid fortel at veldig mange strikkar slike genserar. Men ikkje alle brukar garnet frå Island.
- Ein del synest dette klør litt. Men brukar ein plagga som ytterklede og har noko mjukt under, går det heilt fint, seier Ingrid, som sjølv har ein poncho i tjukt garn frå sagaøya.
Nokre pakkar med garn frå Færøyane har dei også til sals. Karla er opphavleg frå Færøyane.
Ingrid fortel at dei i Fosnavåg ikkje sel så mykje mønster og garn til islandske-genserar, som i Volda. Så motane kan vere litt ulike frå stad til stad.

Marius og Nancy
Nokre modellar går nesten aldri av moten. Mariusgensaren og Nancy er to slike.
- Dei fleste strikkar Mariusgenseren i dei klassiske fargane som er blått med litt raudt og kvitt, men andre fargar blir også brukt, seier butikkdamene.
Nancy strikkar folk i alle fargekombinasjonar. Dette er ein modell som såg dagens lys på slutten av 1970-talet.
- Mange synest det er greitt å strikke jakker og genserar med rund hals, fortel Ingrid.
Patentstrikk er også noko som blir meir og meir populært. Dette er ein teknikk som er for dei vidarekomande.
Når det gjeld fargar har jordfargar, burgunder, grønt og karrygult vore i vinden. Grått har også lenge vore i vinden. Til våren blir det meir pastell.

Slår nettbutikkane på service

Volda Moda merkar at folk handlar meir og meir på nett. Men då Møre var innom kom det stadig kundar.
- Vi kan ikkje konkurrere med dei store nettbutikkane på pris. Dette fordi dei bestiller inn i store kvanta, seier Ingrid og Karla.
- Men vi slår dei på service, smiler dei.
På Volda Mode er folk velkomne til å ta med seg strikketøyet sitt til butikken for å få hjelp. Kaffikanna er også full om kundane vil at ein kaffikopp medan dei får gode råd.
Butikkpersonalet kan også hjelpe folk med å kjøpe garn med fargar som passar til kvar enkelt.

Strikkekafé
Ein gong i månaden er det strikkekafé i lokala til den tradisjonsrike butikken. Ingrid er også ein del rundt på andre strikkekafear.
Torsdag denne veka var det strikkekafé igjen. Nokre går der fast, andre var der for første gong.
Hanne Aasebø er ei av dei heilt nye. Ho er naboen til Ingrid på Folkestad.
- Til no har eg strikka mest klutar og pledd, men no har eg teke til å strikke ein Tiril-genser til dottera mi. Ingrid har sagt at eg kjem til å klare det, og at ho skal hjelpe meg om eg står fast, seier Hanne.

Erfaren strikkedame
Ei av dei svært erfarne er Anne Toril R. Sæten. Ho er barndomsveninna til Ingrid. Anne strikka sin første genser då ho berre var ni år. Mor hennar, Turid, var læremeisteren. Turid Rundereim var også på strikkekafeen denne kvelden.
No strikkar Anne Toril heile tida. Ho strikkar til familien, til seg sjølv, for sal og på bestilling.
- Det går mykje i tradisjonelle mønster i ulike fargar. Eg har ein app der eg kan finne kva nyansar som passar saman. Det er veldig praktisk, fortel ho.
No er det ein Mariusgensar til sonen sin ho held på med.

– Kor lang tid brukar du på eit slikt plagg?
- Ei veke, svarer ho raskt.
Ester Moltumyr likar å ta seg god tid når ho strikkar. Mønstera og fargane kan ho gjerne bestemme etter kvart. Ester held for tida på med ein genser til eit barnebarn.

– Kvifor kjem du hit til strikkekafeen?

- For å hente inspirasjon. Det er topp å få snakke om strikking med folk som vil høyre på meg, smiler ho lurt.
Sist det var strikkekafé lærte Esther å strikke hel av Toril.
Kirsti Ytrestøl Kvakland er kollegaen til Esther på Folkestad barne- og ungdomsskule. Ho har lært mykje av Ester igjen.
Kirsti strikkar mest genserar.
- Eg har fått eit gåvekort her. Elles er eg her for å hente inspirasjon og vere saman med kjekke kollegaer.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...