Republikanarane kastar Ilhan Omar ut av kongresskomité
Republikanarane i Representanthuset har stemt for å fjerne demokraten Ilhan Omar frå utanrikskomiteen.
Avstemminga skjedde etter ein oppheta debatt torsdag, og dei folkevalde var i all hovudsak delt langs partipolitiske linjer. Dei som ville ha Omar ut, viste mellom anna til utsegner der ho har kritisert Israel. Sjølv om nokre republikanarar har uttrykt usikkerheit, har Husets leiar – republikanaren Kevin McCarthy – samla støtte for å fjerne Omar.
– Stemma mi vil bli høgare og sterkare, og leiarskapen min vil bli fagna verda over, sa Omar etter avstemminga.
Fjerninga inneber ei ytterlegare skjerping av frontane mellom dei to partia i Kongressen etter at Demokratane i førre valperiode fjerna representantar på ytre høgre fløy hos republikanarane frå komitear.
Omar, som er fødd i Somalia, er valt inn i Representanthuset frå Ohio. Ho er ein av dei to første muslimske kvinnene som sit i den amerikanske Kongressen. Både Omar og Rashida Tlaib frå Michigan vart valde inn i 2018 og har sete i fire år.
(©NPK)
Det republikanske fleirtalet i Representanthuset stemde torsdag for å fjerne somalisk-fødde Ilhan Omar frå Husets utanrikskomité. Arkivfoto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB