Annonse

Republikansk senator skuldar Saudi-Arabias kronprins for drap

Senator Lindsey Graham hevdar Saudi-Arabias kronprins gav ordre om å drepa Jamal Khashoggi. Republikanaren meiner USA må stoppa våpensal til kongedømmet.

Graham krev at kronprins Mohammed bin Salman, kjend under initialane MbS, går av, og vil dessutan ha omfattande sanksjonar mot Saudi-Arabia, fortel Reuters.

- Det er ikkje noko som skjer i Saudi-Arabia utan at MbS veit om det, sa Graham i eit intervju med Fox News tysdag.

- Eg har vore Saudi-Arabias største forsvarar på golvet i Senatet i USA. Denne fyren er ei rivingskule. Han fekk denne mannen drepen på eit konsulat i Tyrkia og ventar at eg overser det. Eg føler meg brukt og misbrukt, sa Graham.

Saudi-Arabia avviser all tilknyting til forsvinninga av journalisten Khashoggi i Istanbul. President Donald Trump har teke ein mindre konfronterande tone. Han lufta måndag ein teori om at «skurkaktige drapsmenn» stod bak.

- Vel, det dreier seg ikkje om skurkaktige drapsmenn, det dreier seg om skurken kronprinsen, sa Graham tysdag i eit anna intervju med Fox News Radio.

Trump har ymta om at USA kan innføra sanksjonar mot Saudi-Arabia, men har også gjort det klart at han ikkje vil stoppa det omfattande våpensalet til USA til landet.

- Eg ville ha stoppa våpensal så lenge kronprinsen har makta, sa Graham.

Graham sa han ikkje veit kva Trump kjem til å gjera, men la til:

- Eg veit kva eg vil gjera. Eg vil sanksjonera helvetet ut av Saudi-Arabia.

Graham stilte også spørsmål ved kvifor kronprinsen ville setja Saudi-Arabias sterke allierte, særleg Trump, i eit dårleg lys, og sa:

- Denne fyren må gå.

(©NPK)

Senator Lindsey Graham skuldar kronprins Mohammed bin Salman for å ha gjeve ordre om å drepa journalist Jamal Khashoggi. Han krev at kronprinsen går av og tek til orde for omfattande sanksjonar. Foto: AP / NTB scanpix