Annonse

Restane av oldtidsby oppdaga i Egypt

Restane av ein om lag 3.000 år gammal oldtidsby, som stammar frå tida då faraoane herska i Egypt, er oppdaga i ørkenen utanfor byen Luxor.

Den kjende egyptologen Zahi Hawass opplyser at «den forsvunne gylne byen» ligg i den legendariske Konganes dal, der det tidlegare er funne ei rekkje graver for faraoar og andre mektige skikkelsar frå oldtidas Egypt.

Byen var forsvunnen under sanden, opplyste utgravingsteamet torsdag.

– Byen er 3.000 år gammal og stammar frå regjeringstida til Amenhotep III, for så å bli brukt av mellom anna Tut-ankh-Amon og Ay.

Teamet oppgir at det er den største oldtidsbyen som nokosinne er funnen i Egypt.

Har lett lenge

Ifølgje professor i egyptisk kunst og arkeologi Betsy Bryan ved Johns Hopkins University er dette det nest viktigaste arkeologiske funnet sidan grava til Tut-ankh-Amon vart oppdaga.

Det er mellom anna grave ut smykke, fargerikt steintøy og murstein laga av leire merka med teikna til Amenhotep III.

– Mange utanlandske delegasjonar leita etter denne byen utan å finne han, seier Hawass, som er tidlegare kulturarvminister i Egypt.

Godt bevart

Utgravinga byrja i september 2020. På få veker fann dei mursteinsformasjonar i alle retningar til stor overrasking for teamet, heiter det i uttalen.

– Det dei fann, var staden der det låg ein stor og godt bevart by med nesten fullstendige murar og rom fylt med kvardagsreiskap, skriv dei vidare.

Etter sju månader med utgravingar er det mellom anna funne fleire nabolag og eit bakeri med omnar og krukker for oppbevaring, og dessutan administrative område og bustadområde.

Amenhotep III arva eit rike som strakk seg frå elva Eufrat i Irak og Syria til Sudan. Han døydde rundt år 1345 før Kristus etter å ha styrt riket i nesten 40 år, ifølgje historikarar.

(©NPK)

Deler av oldtidsbyen som er gravd fram i ørkenen utanfor byen Luxor i Egypt. Foto: Zahi Hawass Center For Egyptology via AP / NTB

Gjenstandar som er funne under utgravinga av oldtidsbyen i Egypt. Foto: Zahi Hawass Center For Egyptology via AP / AP / NTB

Arkeologar har kunngjort at dei har funne ein 3.000 år gammal oldtidsby utanfor Luxor i Egypt. Teamet som gravde fram byen, har no offentliggjort ei rekke bilde av funna. Foto: Zahi Hawass Center For Egyptology via AP / AP / NTB

Deler av «den forsvunne gylne byen» utanfor Luxor. Foto: Zahi Hawass Center For Egyptology via AP / NTB