Annonse

Reuters: Aung San Suu Kyi får redusert straff

Militærjuntaen i Myanmar reduserer straffa til landet sin avsette sivile leiar Aung San Suu Kyi frå fire til to års fengsel, melder Reuters.

Nyheitsbyrået siterer statleg TV i Myanmar som melder at militærjuntaen delvis benådar Suu Kyi.

Reuters skriv òg at Suu Kyi ikkje skal sone straffa i fengsel men i husarrest, slik som ho allereie lever under.

Suu Kyi vart kort tid etter kuppet 1. februar tiltalt for ulovleg import av walkietalkiar og dessutan brot på koronarestriksjonane under valet i fjor haust. Sidan har juntaen føydd til fleire andre tiltalepunkt.

Rettssaka og dommen mot Suu Kyi har fått sterk kritikk internasjonalt.

(©NPK)