Annonse

Reuters: Semje i Italia om nytt budsjettforslag

Italias statsminister og leiarane til koalisjonsregjeringa er einige om forslag til eit nytt statsbudsjett som dei håper vil tilfredsstille EUs krav, skriv Reuters.

Annonse

Leiaren til ligaen Matteo Salvini, Femstjernersrørsla Liuigi Di Maio og statsminister Giuseppe Conte er i møte i Roma for å stable saman eit kompromiss med EU som kan redde Italia frå bøter og andre straffereaksjonar.

- Det er semje mellom Conte, Salvini og Di Maio om tala og innhaldet i forslaget som skal bli sendt til Brussel, seier Salvinis talskvinne ifølgje nyheitsbyrået.

Talskvinna nekta og for at det er spenningar mellom aktørane etter at fleire medium har meldt at Conte har trua med å trekke seg.

Fleire av budsjettforslaga italienarane har presentert til EU, har vorte avvist av unionen, som har nekta å fire på dei strenge krava rundt mellom anna underskot. Italia har ei svulmande statsgjeld, som allereie er på meir enn det dobbelte av maksnivået som er tillatt.

EU har bede regjeringa i Italia halde seg under 2 prosent. Italia risikerer både bøter og andre straffereaksjonar dersom budsjettet ikkje tilfredsstiller EUs krav.

(©NPK)

Italias statsminister Giuseppe Conte og EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix