Annonse

Revy om norske politikarar skaper reaksjonar

Venstre-leiar Trine Skei Grande er blant fleire politikarar som får gjennomgå i ein sketsj som vart vist under NM i revy. Sketsjen har skapt reaksjonar.

Bodø-gruppa Asylrevyens sketsj harselerer med dei store politiske skandalane i landet dei siste åra, skriv Dagbladet.

Trond Giske, Per Sandberg og Erna Solberg blir karikert, men det er kanskje Venstre-leiar Trine Skei Grande som får gjennomgå hardast. Skodespelarane harselerer med saka om intim omgang i 2008 mellom ein då 17-årig gut og ein då 38-årig Grande. Også saka der Grande baksnakka Raja i 2018, vart gjenstand for karikering.

- Underbuksehumoren har komme tilbake. Det er plumpt, platt, usmakeleg og uinteressant. Revyfestivalen burde halde seg for god til å plukke ut sånne nummer, seier tidlegare leiar av Norsk revyfestival, Roar Tromsdal, til NRK.

Raja reagerer

Grande sjølv ønskte ikkje å kommentere saka overfor Dagbladet, men partikollega Raja reagerer.

- I Noreg har vi både ytringsfridom og kunstnarisk fridom, men vi har òg noko som heiter folkeskikk. Det skal sjølvsagt vere rom for å kunne fleipe og drive satire med maktmenneske, men samtidig har revymakarane eit ansvar, seier Raja.

Medlem Marte Bugge i Asylrevyen meiner Tromsdal bommar totalt med kritikken sin.

- Underbuksehumoren har politikarane sjølve stått for. Det er vår plikt som revylag å sjå med skråblikk på verda vi lever i og minne politikarane om rolla dei har i samfunnet, seier Bugge.

Unnskyldar med song

Også ei anna gruppe, Vollbo Revylag frå Kyrksæterøra, har ein sketsj om Trine Skei Grande, kalla «Kornsirklan», skriv Adresseavisen.

Leiar Ketil Spjøtvoll understrekar at innslaget ikkje er politisk, men heller kritikk retta mot norsk presse for ei einsidig dekning. Samtidig vil han seie unnskyld til Trine Skei Grande gjennom ein song.

Til saman tre revygrupper har sketsjar som omhandlar Venstre-leiaren.

- Eg visste ikkje at to andre revygrupper òg hadde eit Trine Skei Grande-innslag. Det vart kanskje litt mykje på éin gong, seier Ketil Spjøtvoll.

(©NPK)

Venstre-leiar Trine Skei Grande er blant politikarane som får gjennomgå i den omstridde sketsjen. Foto: Ola Vatn / NTB scanpix