Riksadvokaten bekymra over låg oppklaringsprosent i politiet

Under halvparten av lovbrota politiet etterforska vart oppklart i fjor. Riksadvokaten er bekymra og seier ein må klara å snu utviklinga.

Bekymringa kjem fram i kommentarane frå Riksadvokaten til straffesakstalet til politiet for fjoråret. Der går det fram at av 315.471 lovbrot som vart påtaleavgjort i fjor, var det berre 146.445 saker som vart sett på som oppklart.

Det inneber ein oppklaringsprosent på 49,4, ein nedgang på 1,5 prosentpoeng frå året før. På fem år har oppklaringsprosenten falle med 3,9 prosentpoeng.

– Ikkje minst er den negative utviklinga i oppklaringsprosenten utilfredsstillande, og det urovekkjande at denne har komme under 50 prosent. Oppklaringsprosenten må aukast – ikkje minst for viktige prioriterte sakskategoriar, skriv assisterande riksadvokat Knut Erik Sæther i brevet til Justis- og beredskapsdepartementet.

– Riksadvokaten ser det som viktig at den negative utviklinga dei siste åra og årsakene til denne blir kartlagt og vurdert nærare, med sikte på tiltak for å snu utviklinga, skriv Sæther vidare.

Riksadvokaten skriv at 2020 var eit utfordrande år for politiet. Pandemien førte til at etterforskarar, politiadvokatar og anna personell i stor grad har måtta utføre jobben frå heimekontor.

(©NPK)