Annonse

Riksrettsgransking av Trump kan bli TV-drama for millionar av amerikanarar

Denne veka blir det TV-sendingar frå utspørjingane som kan ende med riksrett for Donald Trump. Sendingane kan komme til å påverke folkemeininga om presidenten.

Dei første TV-sende høyringane går føre seg i Representanthuset onsdag og fredag. Blant dei som skal forklare seg, er tre embetsfolk som tidlegare har vitna bak lukka dører i eit kjellarlokale på Capitol Hill: USAs fungerande ambassadør til Ukraina, William Taylor, statssekretær George Kent i utanriksdepartementet og Taylors forgjengar i Ukraina Marie Yovanovitch.

Det er fjerde gongen i historia at det er starta riksrettsetterforsking mot ein amerikansk president, men ingen av dei tre andre vart dømde.

Nye medievanar

Då Watergate-skandalen førte til ein riksrettsprosess mot Richard Nixon i 1973, følgde over 80 prosent av amerikanarane meir eller mindre med. TV-sendingane førte til at folkemeininga vende seg mot Nixon, som til slutt valde å gå av.

Denne gongen kan det bli annleis. Folk følgjer ikkje lenger med på berre éin skjerm. Saman med TV-sendingane kan folk engasjere seg i ulike sosiale medium og velje det som passar best med deira eige syn.

- Alle ser kanskje på same høyringa, men så kjem folk til å dele seg i ulike leirar ut frå kva analyse dei ønskjer å slutte seg til, seier professor Tobe Berkovitz til AP.

Antiklimaks?

Og medan utspørjingane mot Nixon i 1973 og Bill Clinton på 1990-talet hadde sine dramatiske stunder - som då kjolen til Monica Lewinsky vart vist fram med sædflekker og knuste Clintons påstand om at han aldri hadde hatt sex med henne - så trur forskarar det blir ein langt kjedelegare affære denne gongen. Det kjem mellom anna av at mykje av innhaldet i vitneforklaringane er kjende på førehand.

- Det kjem til å kjennast som eit antiklimaks så sant det ikkje kjem fram noko nytt, seier Kathleen Hall Jamieson, leiar ved Annenberg Public Policy Center ved University of Pennsylvania.

Ho peikar òg på at medan Nixon hadde store problem med å kommunisere effektivt med publikum, så har Trump og støttespelarane hans teke i bruk både marknadsføring og sosiale medium for å halde fast på kjerneveljarane.

Professor i statsvitskap og visepresident ved Brookings Institution Darrell West er likevel usamd i at sendingane blir uinteressante for dei som allereie har gjort seg opp ei meining.

- Dei vil gi menneskelege ansikt til dei lukka høyringane. Sjåarane kan observere kva folk seier, og korleis dei seier det, og dessutan sjå på kva måte dei svarer på spørsmåla, seier han.

- Sjølv små endringar viktige

West trur dessutan at sjølv ei lita endring i folkemeininga kan ha mykje å seie.

- Viss berre 10 prosent blir påverka i negativ retning av vitneførselen, vil den delen som ønskjer å fjerne Trump, auke frå 50 til 60 prosent. Det vil vere eit enormt slag mot han, og det kan føre til at fleire republikanske senatorar vurderer å stemme for riksrett, seier West.

Men for dei som benkar seg framfor TV-skjermen onsdag ettermiddag, kan høyringa få sterk konkurranse av Trump sjølv. For det er på dette tidspunktet han har valt å halde pressekonferanse med Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan, som den siste tida har vore ein kontroversiell figur i USA på grunn av offensiven mot den kurdiske militsen i Syria.

På førehand har Trump prøvd å gi republikanarane i Representanthuset nokre gode innspel for å sikre at dei forsvarer han på best mogleg måte.

- Samtalen med Ukrainas president var PERFEKT (...) Republikanarar, ikkje gå i fella ved å seie at han ikkje var perfekt, men at han ikkje gir grunn til riksrett. Nei, det er mykje sterkare enn det. «INGEN GJORDE NOKO GALE», skriv han på Twitter.

(©NPK)

President Donald Trump møtte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på eit hotell i New York under FNs hovudforsamling i september. Møtet fann stad dagen etter at demokratane i Representanthuset starta ei gransking med sikte på å stille Trump for riksrett. Sentralt i etterforskinga står ein telefonsamtale dei to hadde i juli, der Trump bad Zelenskyj sørgje for å etterforske Trumps politiske rival Joe Biden. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix