Riksrevisjonen i dialog om ei felles gransking av Helseplattformen

Riksrevisjonen skal gå i dialog med Trondheims kommunerevisjon om ei felles gransking av Helseplattformen.

Det bestemde Riksrevisjonens kollegium tysdag, skriv Adresseavisen.

Det er altså ikkje formelt bestemt i dag at Riksrevisjonen skal starte gransking av Helseplattformen – berre at dei skal gå i nærare sonderingar med Trondheims kommunerevisjon om eit mogleg samarbeid.

– Vi skal ta kontakt med kommunerevisjonen veldig snarleg, men utover det er det for tidleg å seie noko nærare om kva dette blir til, seier ekspedisjonssjef Annette Ghon-Hellum.

Ho seier dei ikkje har fått mandat til å faktisk gjere noko endå. Den digitale plattforma Helseplattformen har fått krass kritikk for ei rekkje problem sidan ho vart lansert på St. Olavs hospital.

(©NPK)