Riksrevisjonen stoppar trygdesvindel-undersøking etter Nav-skandalen

Riksrevisjonen skulle etter planen undersøkje Navs innsats mot trygdesvindel, men stansar undersøkingane sine etter Nav-skandalen.

- Vi vurderer kontinuerleg om ny informasjon har noko å seie for arbeidet vårt, og vi har no bestemt oss for å stanse undersøkinga om trygdesvindel, seier ekspedisjonssjef Aleksander Åsheim i Riksrevisjonen til VG.

Riksrevisjonen har som oppgåve å kontrollere at Nav utfører oppgåvene sine i samsvar med det Stortinget har bestemt.

Den 28. oktober vart det klart at styresmaktene har tolka regelverket for eksport av velferdsytingar feil. Over fleire år har personar som hadde krav på ytingane, vorte dømde og straffa og fått krav om betale pengane tilbake.

Skandalen kan derfor ha betydning for dei dataa Riksrevisjonen har henta inn i undersøkinga si, og derfor har Riksrevisjonen bestemt seg for å avbryte arbeidet.

- Informasjonen, statistikken og dataa er henta inn i annan kontekst enn den gjeldande, der forvaltninga har operert under ei lovforståing som det no er uvisse om, seier Åsheim til avisa.

Riksrevisjonen følgjer utviklinga i trygdesaka og vurderer kontinuerleg kva saka har å seie for arbeidet deira. Det er førebels ikkje aktuelt for revisjonen å opprette ei undersøking av Nav-skandalen.

Skandalen blir likevel etterforska av både av eit eksternt granskingsutval og av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

(©NPK)

Riksrevisjonen har som oppgåve å kontrollere at Nav gjennomfører oppgåvene sine i pakt med det Stortinget har vedteke. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix