Annonse

Røa operert på nytt etter skrekkfallet – reiser heim frå Austerrike

Alpinist Henrik Røa (27) var tysdag gjennom ein ny operasjon i St. Johann og fekk retta opp ein meniskskade etter fallet i Kitzbühel.

Fredag sist veke fall Røa stygt like før målgang i utforrennet i Kitzbühel. Han fekk eit slag på venstreskia og sklei over mål og pådrog seg eit ope brot i høgre legg.

– Henrik er no ferdig operert og klar for å komme heim. Han hadde ein ny operasjon tysdag som var planlagd. Alt har gått bra, og han er no klar for å komme heim til Noreg, fortel lege for alpinlandslaget Marc Strauss.

Røa har ein tøff jobb framfor seg, men er klar for å komme tilbake i skibakken.

– Eg er innstilt på å komme tilbake i full trening. Førebels tek eg dag for dag, men eg er optimistisk med tanke på framtida, seier han.

(©NPK)

Henrik Røa fall under utforrennet i Hahnenkamm-traseen fredag og blei frakta til sjukehus i helikopter.
Foto: Lise Åserud / NTB