Annonse

Rodgers forlenger med Leicester

Leicester City har forlengt manager-kontrakten med Brendan Rodgers til sommaren 2025, melder klubben på nettsida si.

Den nord-irske manageren kom til klubben i slutten av februar og har hatt stor suksess med «The Foxes», som ligg på andreplass på tabellen i Premier League.

Sidan Rogers vart manager for Leicester, har han vunne 17 av 26 Premier League-kampar, og har hittil i sesongen ført klubben til elleve sigrar og to uavgjorde, etter 15 kampar spelte.

Laget er berre forbigått av serieleiar Liverpool, som har vunne 14 av 15 kampar og som har åtte poengs forsprang på Leicester.

Brendan Rodgers var Liverpool-manager frå juni 2012 til oktober 2015, men fekk sparken grunna svake resultat. Han kom til Leicester etter nokre suksessrike år i skotske Celtic, der han vann to meisterskapstitlar.

(©NPK)

Brendan Rodgers forlenger kontrakten med «The Foxes» til sommaren 2025.
Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix