Annonse

Rogne til svensk fotball

Thomas Rogne (32) skal dei neste åra spele for svenske Helsingborg. Midtstopparen blir først speleklar frå 15. juli.

Allsvenskan-klubben opplyser om overgangen på nettsidene sine. Rognes kontrakt er på 2,5 år. Han kan trene med det nye laget sitt, men må vente til midten av månaden på å gjere unna debuten.

Forsvarsspelaren har det siste halvåret vore i greske Apollon Smyrnis, medan han før det hadde fleire sesongar i Lech Poznań i Polen. No held karrieren fram i Helsingborg.

– Eg håpar å kunne hjelpe laget så mykje som mogleg. Først og fremst med profesjonalitet, vinnarmentalitet, erfaring og leiareigenskapar, seier Rogne.

Helsingborg ligg heilt sist på tabellen med berre fem poeng på tolv kampar.

– Det har vore ein tøff sesong, men eg har stor tru på at vi kan snu trenden og sikre plassen, seier den norske nyskaffinga til klubben.

Rogne er gift med Noregs stjernespiss Ada Hegerberg.

(©NPK)

Thomas Rogne skal framover spele for Helsingborg. Foto: Cornelius Poppe / NTB