Rollebyte for Høgmo i FFK - Bjørn Johansen blir hovudtrenar

Per-Mathias Høgmo overlèt trenaransvaret i Fredrikstad til Bjørn «Bummen» Johansen og blir sjølv sportsleg leiar i klubben.

Den tidlegare landslagssjefen mislykkast i forsøket på å føre FFK tilbake til 1. divisjon på første forsøk. No lèt han i staden den mangeårige Tromsø-spelaren Johansen rykke opp frå rolla som assistenttrenar og prøve seg.

Det stadfestar Fredrikstad på nettstaden sin.

Overfor VG beskriv Høgmo endringa som heilt udramatisk, og han seier at det heile vegen har vore planen at Johansen skulle overta som hovudtrenar.

Sjølv skal 59-åringen jobbe 50 prosent som sportsleg leiar i FFK og 50 prosent med forsking innan leiing og prestasjonskultur.

- Eg skal jobbe meir strategisk, utvikle klubben vidare på dei fleste område og sørgje for at alle ledd i klubben blir varetatt på ein god måte. Fredrikstad treng kompetanse, ikkje berre følelsar, seier Høgmo til avisa.

(©NPK)

Per-Mathias Høgmo gir seg som hovudtrenar i FFK og blir i staden sportsleg leiar på deltid.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix