Romania blir straffa - får ikkje ha publikum mot Noreg

EM-kvalifiseringsmøtet mellom Romania og Noreg blir spelt for tomme tribunar. Romania blir straffa av Uefa for åtferda til supporterane i tidlegare kampar.

Det stadfestar det rumenske fotballforbundet fredag. Bakgrunnen for straffa er åtferda til supporterane i kampane mot Spania og Malta. Det rumenske fotballforbundet har i tillegg fått ei bot på 83.000 euro, tilsvarande cirka 820.000 kroner.

Ifølgje TV 2 kjem utestenginga etter ei rekke brot på regelverket. Mellom anna skal supporterane ha komme med rasistiske tilrop, fyrt opp bluss og dessutan kasta gjenstandar. I tillegg skal supporterar ha tatt seg ulovleg ned på bana.

Møtet med Spania vart utsett i eitt minutt på grunn av at det vart kasta fyrverkeri inn på bana.

Romania og Noreg møtest i Bucuresti 15. oktober. Noreg treng truleg siger dersom det skal vere eit reelt håp om å gå vidare frå EM-kvalifiseringsgruppa si.

Då laga møttest på Ullevaal tidlegare i kvalifiseringa rota Noreg bort ei 2-0-leiing i kampen som enda 2-2.

(©NPK)

Martin Ødegaard og Noreg møter Romania framfor tomme tribunar.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix